Skip to content

Myra Canyon

Myra Canyon er ein av attraksjonane i Kelowna. Som navnet seier so er det ein canyon som ligg i Okanagan Mountain Park. Jernbane Kettle Valley Rail var bygd i 1916 for å frakta utvunne mineralar og jordbruksprodukt frå aust i landet til Vancouver. Det var berre nokre år seinare enn Bergensbana. Det vart laga ein turiststi her på 1990-talet då Canadian Pacific Railway, jernbane som går gjøno Canada frå aust til vest, slutta å drifta denne strekninga. Men i 2003 øydela ein skogbrann 12 av 18 historiske bruer. Den historiske jernbana vart bygd opp att og opna att i 2008. Strekninga består no av to nye tunellar, to bruer av stål og 16 av tre og det vart sett opp nye kvilebenkjer. Ruta tiltrekkjer i dag 100 000 besøkjande årleg, anten gåande eller syklande.

Me køyrde ca. 30 kilometer opp til Myra Canyon, leigde syklar og sykla heile den gamle jernbanetraséen, 24 km totalt. Me sykla på høge bruer over djupe dalar og brukte ein time til den andre enden av traséen. Tilbake brukte me nesten to timar, me leste informasjonsskilt langs banen, tok bilete, naut utsikten og sette oss ned på ein benk og åt nisto. Ete ville også det tamme ikodnet som kom heilt nærme oss og åt rett frå nevane våre. Det var alt kveld då me kom tilbake til Kelowna, me handla mat og lagde oss middag på parkeringsplassen framom butikkjen.

  

  

  

  

Sjølv om det var kveld skulle me vidare. Etter ca. ein time kom me til Vernon der me fann overnatting hjå Dutchs’ Campground. Me betalte for to netter med ein gong og fekk plass nr. 101 ved sido av ein ung famelie. I resepsjonen kjøpte me heimalaga is og rusla mot Kalamalka Lake. Der var det fine sandstrender med masse folk som framleis låg på stranda klokka 9 om kvelden. Nokre bada sjølv om vatnet var kaldt. Andre spelte volleyball, padla i ein båt eller stod på vatnski. Kalamalka Lake renn inn i Okanagan Lake og kallast for innsjøen av tusen fargar fordi vatnet har forskjellig farge på forskjellige årstider.