Skip to content

Nok ein dag i Jekaterinburg

I dag såg me utstillinga i Jernbanemuseet ved den gamle jernbanestasjonen. Dei hadde alle moglege apparat og modeller av togstasjonar i Ural. Dei hadde også bilete av korleis toget frakta bererakettar, også den som Gagarin flaug med. Rett ved sida av den gamle jernbanestasjonen er den nye stasjonen. Dei to bygningane er i to helt forskjellige stilar. Utanfor togstasjonen venta alt guidar som lokka folk med på tur.

  

  

  

  

  

  

  

  

Me rusla litt i byen på ettermiddagen, gjekk igjen i gågata, Leningata og rundt vatnet. Elva Iset renn gjennom byen og det er eit stort vatn midt i byen. Dette vatnet heitte Plotinka og er eit populært område for ein spasertur, leiga ein båt eller berre setje seg ned på ein benk og sjå på folk. Dette er staden der Jekaterinburg såg dagens lys i 1723. Og her står også statua til dei to grunnleggjarane Tatisjtsjev og de Gennin. Det som skal vera byens mest overdådige bygningen står også her. Den tener som presidentbustad når presidenten er i byen, og både Putin og Medvedev har brukt den.

  

  

  

På matfronten var det fleire rettar i dag. Fyrst åt me i ei kantine med sjølvbetening der dei serverte fantastiske salatar og russiske rettar. Om kvelden testa me ut russisk TGI Fridays og kafékjede Traveller`s Coffee. Derifrå hadde me utsikt mot vegen og observerte me to ivrige politimenn på jobb.