Skip to content

Noko om USA

I dag sto me opp til sol, men det skya over. Rett etter at me hadde vaska bilen, byrja det å regna. Det regna heile tida og me lurde på om me skulle setje opp sideteltet, men me gadd ikkje. I staden for brukte me den tørre plassen under treet til naboen og kokte oss laks med pota. Det regna resten av kvelden, men det gjekk fint å sitja i bilen og lesa og skriva litt. Me såg ingjen folk, alle var inne i bubilane sine.

Me forlengja opphaldet vårt på campingjen med seks netter og booka ein plass med vatn og straum. Straum måtte me ha sidan me køyrar so lite no og ikkje kan lada ting mens me køyrar. På plassen vår var det også benk, bord, grill og plass til både bil og telt.

  

  

Sidan det ikkje skjer so mykje i disse dagar bortsett frå å gjera ymse rundt bilen, handla inn det me manglar og ordna praktiske ymse ting, vil me skriva litt om USA.

USA er tredje største land i verda både når det gjeld areal og tal innbyggjarar. Landet har eit areal på 9,8 mil. km2, forbigått berre av Russland og Canada. So no kan me seia at me har vore i verdas tre største land på denne turen 😊 Når det gjeld folketalet så er USA med sine 310 millionar innbyggjarar nummer 3 i verda etter Kina og India. Kina og USA har omtrent like stort areal. USA har berre ei landegrense mot to land, Mexico og Canada, og kystlinjer mot Stillehavet i vest, Atlanterhavet i aust og Mexicogolfen i sør. I tillegg grenser USA mot Russland – dei er delt frå kvarandre berre av det 86 kilometer breie Beringstredet som befinn seg mydlo Kapp Dezjnjov, det austlegaste punktet på det asiatiske kontinentet, og Cape Prince of Wales, det vestlegaste punktet til det amerikanske kontinentet.

Heile USA ligg lenger sør enn Slovakia, og Norge sjølvsagt. Nitra ligg på 48 grader nord og på det amerikanske kontinentet ville ha vore ein stad mydlo Vancouver og Seattle. Bergen ligg på 60 grader nord som tilsvara Alaska eller grenso mydlo Britisk Columbia og Yukon i Amerika. Til samanlikning med Europa ligg San Francisco og New York omtrent på same breiddegrad som Madrid, Roma, Barcelona og Dubrovnik. Grand Canyon og Washington D.C. ligg på same breiddegrad som Athen, Santa Fe som Gibraltar og New Orleans som Sør-Marokko eller Gran Canaria.

USA er ein føderasjon av 50 statar og District of Columbia (D.C.) som er USAs hovudstad. 48 av statane er på fastlandet og dei to resterande er Hawaiiøyane og Alaska. Alaska er USAs største stat og grenser mot Nordishavet i nord. Namnet Amerika kjem frå dets oppdagar Amerigo Vespucci og namnet Amerikas forente statar stammar frå 1776 då grunnlova vart underskreve.