Skip to content

Novokuznetsk og industriområde Kuzbass

Geir byrja dagen kl. 07:30 med å laga ei ny sveiv 😊 Etter kraftig frukost samla me klærne som me hadde vaska og hengt opp til tørk i går kveld, men som framleis ikkje var turre. Me tok dem med og turka i bilen på vegen. Me var litt skeptiske til vegen me hadde valt og frykta ein ny grusveg. Vegen var ikkje veldig god, Geir hadde ikkje lyst til å køyra der og skjermen framme løsna. Han roa seg ned fyrst etter å ha fiksa den 😊 Vegen vart også betre med ein gong me forlét Altaj-fylkje og kom inn i ein ny region (Kemerovskaja oblast). Ca. 70 kilometer før Novokuznetsk laga me oss mat langs vegen av det me hadde handla i går: kål, løk, gulrot og pølser.

  

  

  

På ettermiddagen kom me til Novokuznetsk og parkerte i gata Prospekt Metallurgov, ei gate som går frå buss- og togstasjon til ein fin bygning på den andre enden av byen. Det er eigentleg ikkje noko spesielt i Novokuznetsk, det er ein industriby, men så stygg som me fekk høyra var den ikkje. Me spaserte i ein park kor det både var planetarium, tivoli og ei fin fontene. Ved inngangen til parken stod det to statuer av gruvearbeidarar, metallurgar. Derfor heitte parken Sad metallurgov, altså metallurganes hage. Novokuznetsk er kjent for at den leverer 70% av togskinnar i heile Russland og under andre verdskrig leverte 50% av sovjetiske tanks.

  

  

  

  

  

  

  

  

Me hadde lyst til å campe rett etter Novokuznetsk, men skjønte ganske fort at me måtta køyra eit godt stykkje før me kunne leggja oss. Novokuznetsk ligg i industriområde Kuzbass. Kuzbass eller Kuznetsk kolbasseng er det største kolbassenget i Russland og i verda. Meir enn 90% av russisk kol befinn seg i Sibir. Russland står for ein tredjedel av verdas kollager. I 1721 vart det oppdaga kol her og i 1907 vart det bygd den fyrste kolgruva. I Kuzbass, spesielt i Kemerovo-regionen, utvinnast det 80% av kokskol og 56% av svartkol i Russland.

Lufta er utroleg forureina, pipene røykjer heile dagen og natta og spyr ut enorme mengder farlege stoff. Motorvegen ut av byen er fantastisk, firefelts, med skikkelege avkøyrslar og overgangar. Hittil den beste me har sett i Russland. Sikkert berre for at folk skal fyke forbi smogen raskt.