Skip to content

Ny passasjer i Boston

Dagens transportetappe gjekk frå Brattleboro i Vermont der me overnatta, gjøno to nye delstatar New Hampshire og Maine og inn i Massachusetts. Fire delstatar på ein dag 😊 I dag tidleg var det iskaldt, so me åt frukosten fyrst etter ein halv times køyring. Me ordna litt praktiske ting som å støvsuga bilen og handla brennstoff til kokaren. Middag laga me oss på ein rasteplass og sikta oss deretter mot Boston.

Det tok oss to timar til busstasjonen South Station der me henta Helena, dottera til Geir. Ho tok buss frå NYC der ho gjekk på skule. I sentrum gjekk me litt rundt og fylgde med på protestar som føregjekk i store delar av byen. Folk protesterte mot fattigdom og for fred, noko som me kjem til å oppleva i fleire amerikanske byar framover. I ein storby som me no var i, måtte me smaka på lokalspesialitetar. På The Hub Pub bestilte me litt av kvart og smakte det lokale ølet frå Boston, Samuel Adams. Det var kaldt då me kom ut, men folk, lite kledd, var i full gang med å feste og gå frå pub til pub.

  

  

  

Boston er hovudstad og den største byen i Massachusetts og samstundes den uoffisielle hovudstad i regionen New England. Byen har 675 000 innbyggjarar (5,6 millionar i storbyområde) og ligg ved Massachusetts-vikji og delta til elva Charles i Atlanterhavet.  Byen vart grunnlagd i 1625 av engelske puritanar og i 1630 oppkalla etter Boston i England. Byen har vore viktig for handel med Europa, Afrika og Vestindia.

I Cambridge i nærleiken av Boston ligg fleire kjende universitet som Harvard og MIT (Massachusetts Institute of Technology) og gjer Boston til ein av verdas leiande byar innan utdanning, forsking og teknologi.

Massachusetts heiter offisielt Commonwealth of Massachusetts og har ei rik historie. Den var ein av dei fyrste statar som forbaud slaveri og Boston har vorte kjend for begivenheiter som utløyste krigen for sjølvstende frå Storbritannia. Teselskapet i Boston (Boston Tea Party) var eit opprør i 1773 der innbyggjarar kledde seg ut som indianarar, kapra eit skip og heiv 342 kassar (45 tonn) te på sjøen. Dei protesterte mot høgare skatt for te som Storbritannia krevde. Det austindiske selskapet (East India Company) hadde monopol til import av te, og måtte auka skatten grunna økonomiske problem. Men skatten var eigentleg lagt på fordi kongjen hadde store utgifter til sitt luksusliv.