Skip to content

Nyvaska bil

Det er alltid så mykje mygg om morgonen at me som oftast berre pakkar og reiser frå campingen. Det gjorde me i dag òg og etter ein time køyring stoppa me for å eta frukost. I dag òg måtte me fylla diesel, det er store avstandar her. Han som fylte diesel lurde på om me var frå Norge, han kjende til Oslo 😊

  

  

  

  

Ute var det 28 varmegradar og veldig klamt. No nærma me oss Novosibirsk, men tok av ringvegen og køyrde sørover. Planen var å finne camping ved demninga Novosibirskoje vodochranilisjtsje. Før me kom fram såg me avtamojka på eit skilt og svingde inn der for å vaska bilen. Me hadde ikkje vaska den sidan Norge. Vaskehallen var ein garasje kor ein ung gut heldt på å vaska ein bil og me venta litt. Han visste godt kor Norge og alle dei byane me hadde køyrd gjennom var og han sa også at det var fint i Vladivostok. Han skulle absolutt ikkje ha betaling for bilvask, det var liksom ei gåve til oss sidan me kom langvegsfrå. Men me gav ham likevel 200 rublar, to par solbriller og eit kort med ruta og bilen vår på. Han hadde kunnskapen på stell og hadde han berre hatt råd til å reisa så hadde han nok reist meir.

  

  

  

  

Me fortsette til Borovoje, cirka 20 km frå der me vaska bilen. I Borovoje fann me ein utruleg fin plass på breiddo av den store demninga/innsjøen med sandstrand. Masse andre folk telta og solte seg der til tross for eit skilt med mange forbodsteikn. For å vera sikre spurde me ein gut om det var lov og han var positiv. Me slo oss ned der det allereie har vorte laga bål før og hadde ein famelie til naboar. Etter middag tok me oss ein dukkert i vatnet. Vatnet var veldig grunt, me kunne gå gansje langt. Vatnet var også gansje varmt. Ja, og me er i Sibir! Det var ikkje så mange mygg som vanleg, so det var behageleg å sitja ute. Det kom ein bil til i vårt nærområde, dei var skikkeleg utstyrt for heile helgje med telt, parasoll og høg musikk.