Skip to content

Olkhon, den største øya i Bajkalsjøen

Olkhon er den største av 26 øyar i Bajkalsjøen. Vegen til Olkhon er relativt god, men dei siste 10 km før ein kjem til ferjekaien i Sakhjurta er ein grusveg. På vegen trefte me mangje tyske, nederlandske og franske bubilar, faktisk ein heilt lik Toyota med taktelt frå Autohome. Det var ganskje bratt opp og ned, me trudde ikkje det var så mykje fjell der. Me kryssa ikkje sundet Olkhonskje vorota over til Olkhonøya i dag, men såg på rutetabellen på kaien slik at me visste kor tid me måtte vera der i morgon. På den lokale matbutikkjen Magazin kharosjnij handla me mat til middag. Me vart inspirert på den mongolske restauranten i Irkutsk og kjøpte pozy ulan-udenskie, burjatisk nasjonalrett, som me kokte til middag seinare. I ei vik på fastlandet, Kurkutskaja bukta, fann me oss ein flott overnattingsplass med gigantisk utsikt over sundet og Olchon. Der parkerte me på ei fin høgd og koste oss med middag og kaffi. Tida gjekk fort, Geir styrte med vedlikehald/smørjing på bilen, Ivana skreiv dagbok og litt seinare smakte me vodka omulevka. Det regna litt og so vart det fint lys til å ta bilete. Det bles ein del og me fann ut at det var derfor det ikkje var mygg ved Bajkalsjøen. Det var heilt fantastisk 😊 Det var luftig og godt også i teltet og me slapp problem med fukt og lufting om morgonen.

  

Olkhon er 71,7 km lang og 15 km brei og det bur ca. 1 500 menneskje fast på øya. Øyas areal er 700 km2. Den høgste fjelltoppen Zjima ligg på 1 274 moh., ikkje langt frå staden kor Bajkalsjøen er djupast (1 637 m), so det er nesten 3 kilometer høgdeforskjell der! Det er samstundes ein heilag stad, heimen til herren på Olkhon som etter legenda forvandla ein tenar til ein bjørn.

Øya har ein del historie bak seg. I det 5.-10. århundre kom tyrkiske kurykanar-stammar, i det 11.-12. århundre burjatar og i 1643 russiske kosakkar. Bajkalsjøen er administrativt delt mellom Irkutsk region og Republikk Burjatia. På Olkhon bur mangjen burjatar. Dei stammar frå mongolar og dei som bur rundt Ulan-Ude er buddhistar, mens dei som bur i nord og på Olkhon er sjamanar. Olkhon er heimen til Bajkals mektigaste ånd, senteret til den nordlege sjamanismen og anerkjend som det heilage heimlandet til burjatar frå Mongolia og Sentral-Asia. Sjamanar kan vera både kvinner og menn.