Skip to content

Øya Alcatraz

I dag tok me ferjo frå kaien i Larkspur, ikkje långt frå campingjen. Me segla rett forbi Alcatraz og Golden Gate Bridge i bakgrunnen og kom til Port of San Francisco der me slappa av i går. Derifrå gjekk me til Pier 33, henta billettar til Alcatraz som me hadde bestilt på nettet dagjen før og stilte oss i den lange køen. Framføre eit stort lerret med bilete av øya vart det tekje eit obligatorisk bilete av alle, og me kunne kjøpa det etterpå for 22 dollar. Det er sånn som dei held på på mangjen turistplassar, tving folk til å verta tekje bilete av og so å kjøpa det dyrt. Båten til Alcatraz brukte 10 minuttar, på kaien der venta ein guide som opplyste om at me kunne gå og sjå ein film om øya og elles gå fritt der me ville. Det var kaldt i kjedlaren der dei viste filmen og der var også ein utstilling; og masse folk. Me gjekk so opp til fengselet (Cellhouse) kor me kunne få ein audiotape og ta ein sjølvguida tur mellom cellene.

  

  

  

  

  

  

Øya Alcatraz har også hatt andre funksjonar enn å vera eit fengsel. I 1775 segla den spanske oppdagaren Juan Manuel de Ayala inn i San Francisco-bukta og gav namn til øyane. Namnet til øya stammer frå spansk kolonitid og tyder havsule, sjøfugl som hekkar på øya i koloniar. I 1853 byrja dei å byggja ein festning ved inngangjen til havna og det fyrste (i dag det eldste) fyrtårnet på Stillehavskysten. Då borgarkrigen braut ut i 1861, vart 111 kanonar og 400 soldatar plassert på øya. Festninga har vore vitne til både borgarkrigen, indianarkrigar, den spansk-amerikanske krigen (1898) og vart omgjort til eit militær fengsel i 1915.

I 29 år, frå 1934 til 1963, var det føderale fengselet i drift med høgt tryggleiksnivå på Alcatraz. Det var omtala som eit frykta fengsel som det ikkje gjekk an å rømja frå. Men det var visst ikkje so grusomt som det hadde vore kjend for. Det vart ikkje utført henrettingar der, det har „berre“ vorte opplyst om fem sjølvmord og åtte drap. Fengselet vart helst berømt grunna fleire rømningsforsøk (konkret 14) og det mest kjende skjedde i 1962 då tre fangar klarde å rømja gjønom luftesjakta. Dei havna ute i vatnet på ei regnkåpe som dei brukte som båt. Deira kroppar/lik vart aldri funna. Alle rømningsforsøk var mislykka, og dei som klarde å rømja nådde aldri fastlandet. I det iskalde vatnet i San Francisco-bukta hadde dei ikkje sjangs å overleva. Fengselet hadde også kjende fangar som Robert Stroud (the Birdman), Al Capone eller Machine Gun Kelly. The Birdman, fuglemannen på Alcatraz, var kanskje den meste kjende fangen på øya. Han fekk dette kallenamnet fordi han ein gong fann eit fuglereir med skada sporvar i fengselsgarden og redda dei. Han oppdrog 300 kanarifuglar mens han sat i ulike fengsel og fekk lov å selja dei. Etter kvart vart han ein anerkjent ornitolog og skreiv fleire bøker om fuglar. Eit interessant faktum om fengselet på Alcatraz er også det at det ikkje var kvinner der og grunn til det var at kvinner ikkje kunne verta erklært „uforbederlige“ heilt fram til 1969. Fengselet hadde heller ikkje kvinnelege voktarar. Riksadvokaten Robert F. Kennedy stengte fengselet i 1963.

I 1969 okkuperte indianarar øya i 19 månader (1969-1971). Dei ville kjøpa øya for 24 dollar i smykker, slik som Manhattan Island vart „seld» til nederlendarar i 1626. Dei meinte at ifylgje føderalavtalen frå 1868 hadde dei lov å bruka alle føderale områder som staten ikkje brukte aktivt. Det førte ingjen veg og dei måtte forlata øya. I dag er Alcatraz eit museum og rekreasjonsområde. I den store museumsbutikken kjøpte me eit serveringsfat med fleire små avdelingar slik fangane fekk maten sin, og i dag brukar me fatet til å servera godteri på når me får besøk 😊

  

  

  

  

  

  

No har me gått forbi dei kjende trikkvognene i fleire dagar so me tenkte at det hadde vore kult å prøva dei. Ingjen av dagane so langt hadde passa oss å ta dei, men i dag var me ikkje långt frå endestoppet til trikken i Hyde Street. Me tok den som køyrde på strekninga Powell-Hyde St. sidan me visste kor Powell St. var og det var ikkje langt til busstoppet vårt. Men fyrst måtte me venta og frysa i vind og kulde i ein halv time. Mens me stod i køen fylgde me med på sterke menn som snudde trikken manuelt på ein rondell på bakkjen. Sidan me var ein av dei fyrste i køen fekk me sitjeplassar og dei som var seine stilte seg framføre oss og stod der heile vegen. Det var ikkje nett slikt me hadde sett det for oss, men det gjekk ikkje an å gjera noko med. Denne trikken er historisk og kvar vogn er importert frå ein annan verdsdel, til dømes England, Italia, osv. Men dei har også moderne trikk i byen. Trikken køyrer opp og ned dei bratte bakkane som det visst er meir enn 50 av. Nokre av dei har gitt namn til bydelar, til dømes Pacific Heights, Russian Hill, Potrero Hill eller Telegraph Hill. Trikken heng på ein kabel som ligg under bakkjen mydlo sporet. Kabelen går heile tida uavhengig av vogna. Sjåføren har ei lång stång som grip rundt kabelen meir som ein kløtsj for å få framdrift.