Skip to content

På heildagstur i National Mall

I dag hadde me planar om å stå opp litt tidlegare, men sov til åtta. Kaffien vår heiter 8 o´clock coffee, så kanskje derfor 😊 Dagens fyrste stopp var Lincoln-monumentet som står på den eine enden av National Mall. Det er ein stor flott bygning frå 1922 med 38 greske stolpar rundt heile byggjet. Inne i det store rommet er ei stor statue av sitjande Lincoln, omringa av endå fleire antikke stolpar og talene til Lincoln skrivne på veggane: Gettysburg-talen frå 1863 og talen hans frå då han vart innsett som president for andre gongjen i 1865. Mens me stod framom Gettysburg-talen såg me ein liten gut lese heile talen høglytt, det var nesten rørande.

Frå trappa framom Lincoln-monumentet heldt Martin Luther King Jr. i 1963 sin berømte tale „I have a dream“ (Eg har ein draum) framføre 200 000 tilskodarar og forkjemparar for borgarrettar. I denne 17-minuttars talen oppfordra han til slutt på rasediskriminering og presenterte sin draum om livet i ein forent nasjon. Denne talen gjorde at han i 1964 fekk Nobels fredspris som den yngste mottakaren.

Frå Lincoln-monumentet skulle me gå heile den 3 km lange strekninga til Capitol. Fyrst såg me staden der Reflecting Pool, reflekterande basseng, opphavleg stod. I 2011 var det under storslått ombyggjing som kosta 30 millionar dollar, so det var berre ein byggjeplass. Washington-monumentet speglar seg vanlegvis i dette bassengjet. Monumentet vart reist i 1888 til minne om USAs fyrste president George Washington. Det er eit 169-meter høgt tårn, ein obelisk, midt i National Mall kor ein kan ta heis og få fin utsikt over byen. Monumentet World War II Memorial er til minne om alle amerikanarar som tente i andre verdskrig. Me var òg ein kort tur innom Air & Space Museum kor det er utstilt mykje fly og info om planetar, kappløpet under den kalde krigen, osv.

Og så var me plutseleg i enden, framom Capitol, den lovgjevande forsamlinga i USA. For å koma inn må ein vera med på omvising, og det kan ein få til ved å kjøpa billettar på internett eller gjennom ein senator eller ein annan representant. Det er utanfor Capitol amerikanske presidentar avleggjer ed, det gjorde Barack Obama i 2009 (det var han som var president då me var der i 2011) og det gjorde også Joe Biden i 2021. Rett bak Capitol ligg Høgsteretten i USA, U.S. Supreme Court.

Frå Capitol gjekk me langs byens hovudgate Pennsylvania Avenue til downtown, og passerte mangjen kjende bygningar som for eksempel Riksarkivet (National Archives), hovudkvarteret til FBI eller teateret der Lincoln vart drept (Ford´s Theatre). Me fann ut at me hadde gått ca. 7 km i dag og hadde lyst å slappe av. So me tok t-bane heim, handla mat, fyrte i ovnen og laga oss kaffi.