Skip to content

På oppdagingsreisa i St. Petersburg

Etter ein lang reise frå Norge hadde me behov for å sova litt lenger og vakna fyrst klokka ni. Så gjekk me til t-banen kor me klarte å kjøpa eit 5-dagarskort. Det kosta 560 rublar som var ca. 100 norske kroner då (1 NOK = 5,2 RUB) eller 14 euro (1 € = 40 RUB). Me tok rulletrappa ned i undergrunnen og det må vera ei av verdas lengste rulletrappar! Det var sikkert 100 meter ned. Heilt nede sit ein dame i ein boks og passar på at alt går bra. På metrostasjonar kan ein ikkje gå heilt til skinnene, der er det ein vegg med dørar som opnar seg når toget kjem; toget må treffe akkurat der dørane er 🙂

På dagens program stod Vinterpalasset, opphavleg vinterresidens for russiske tsarar og i dag eit av verdas største museum, også kjent som Eremitasjen. Det vart grunnlagt av tsarina (keisarinne) Katarina den Store i 1764 og var hennar private samling. Denne dagen var gratis inngang (vanleg pris for lokale er 100 R, men for turistar er den 400 R!). Me brukte 3 timar på 3 etasjar, det var so mykje å sjå. Det var mange imponerande rom, verk og utsmykkingar av stort sett gull, og veldig overdådig. Me brukte mest tid på interiøret, russisk kultur og Sibir, men også europeisk og fransk kunst. Då me gjekk ut av palasset, vart me møtt av masse soldatar og folk på plassen – det var generalprøva til V-dagen. Det var verdt å få med seg det som føregjekk: to generalar køyrde i bilar og soldatane ropte einstemmig hurra då dei køyrde forbi dei.

Litteratur Cafè (Literaturnoje Kafe) på Nevskij prospekt er ein historisk restaurant kor kjende forfattarar som Pusjkin og Dostojevskij var hyppige gjester. Her skal me eta middag. Me vart møtt av ei «prinsesse» i lang blå kjole og geleida inn i fine lokale. På menyen stod raud kaviar til forrett, suppane borsjtsj (rødbetsuppe) og ukha (fiskesuppe), og biff Stroganoff og biff à la Petersburg til hovudrett. Desserten bestod av eplestrudel, is og kaffi. Det var også ei gruppe nordmenn på restauranten. Middagen var absolutt ei oppleving, men kjempedyr og det er ikkje noko me har tenkt å gjera kvar dag. Men mat er veldig viktig for oss og me vil absolutt smaka lokale spesialitetar. Det er derfor me reiser.

Kva for ein by er St. Petersburg?

St. Petersburg er nest største by i Russland med ca. 5,3 mil. innbyggjarar, like mykje som heile Norge eller Slovakia. Byen er ein eigen føderal delstat (den andre er Moskva). Byen strekkjer seg på 1400 km2. Hamna i byen er ein av dei største i Russland med 50 km2 hamnebasseng og 15 km lang kai. Byen har to flyplassar, 5 togstasjonar og metro med 72 stasjonar. Vatnvegane utgjer 10 % av byen som har 40 elvar, 20 kanalar og 42 øyar som er forbunde med meir enn 342 bruer. Derfor kallast byen også Nordens Venezia. Nevskij prospekt er byens hovudgate og er 4,5 km lang og 35-60 m brei. Gamlebyen i St. Petersburg vart skrevet inn på UNESCOs liste over kulturarv i 1990. Byen har meir enn 1000 sjåverdigheiter, 120 museer og 4 teater.

Byen vart grunnlagd av Peter den store i 1703 med ynskje om å laga ein ny hovudstad og ein europeisk by. Slik dei fleste russiske byar, har også St. Petersburg skifta namn fleire gonger. I åra 1703-1914, var den hovudstad, heitte St. Petersburg som i dag, mellom 1914 og 1924 Petrograd og fram til 1991 Leningrad. På folkemunn går den for Piter.