Skip to content

På tur i Dallas

I dag tidleg reiste me til Dallas, tredje største by i Texas og niande største by i USA. Den er oppkalla etter George Dallas som blant anna var ambassadør i Moskva og USAs visepresident. Byen Dallas vart eit handelssentrum på 1860-talet då immigrantar frå Frankrike, Tyskland, Sveits og England busette seg der. Jernbana har vore viktig for utvikling av kveghandel, bomullsindustri og seinare oljeindustri. Dallas er eit viktig knutepunkt innan transport og eit sentrum for bank- og finanstenester. I byen bur det ca. 1,3 millionar menneskje, men i storbyområdet saman med Fort Worth, som forresten er det fjerde største storbyområdet i landet, bur det 7,5 millionar menneskje. I Dallas finst det fleire kjøpesenter per person enn i andre amerikanske byar, og Highland Park Village er det eldste kjøpesenteret i USA.

Sidan det ikkje gjekk buss frå campingjen til Dallas, køyrte me sjølv. Det tok oss ca. 45 minutt. I byen parkerte me på ein tettpakka plass på Elm St. kor folk gav sine bilnøklar til vaktene som flytta på bilar etterkvart. Me var skeptiske til da, so me fekk lov til å behalda nøklane og vektaren sa at han skulle fylgja med på bilen vår.

  

  

  

Me visste ikkje mykje om Dallas på førehand, bortsett frå drapet på John F. Kennedy. Det var det også reklamert for i alle turistbrosjyrar, so me tok ein tur dit. Museet heiter The Sixth Floor Museum, fordi det var frå 6. etasje på det dåverande biblioteket (Texas School Book Depository) drapsmannen skaut Kennedy. Me fekk utdelt høyretelefonar og skulle gå gjønom utstillinga sjøl. Den var stor og det var mykje folk der. Utstillinga handla om livet til JFK og staden der han vart drepen 22. november 1963. Me kunne gå bort til vindauga og sjå ned til plassen Dealey Plaza der Kennedy køyrte forbi då han vart skoten. Det finst mange teoriar om drapsmannen Lee Harvey Oswald handla på eigehand eller om det var ein del av ein større plan.

Dealey Plaza er ein park i det historiske distriktet West End og vart erklært for nasjonalt historisk landemerke på 30-årsjubileet til drapet på Kennedy. I nærleiken av plassen står det historiske tinghuset Old Red Courthouse frå 1892. West End var opphavleg ein handelsbydel med fabrikker som etablerte seg etter at jernbana kom til byen. Etter kvart flytta bedrifter ut av byen og gamle fabrikker og raude mursteinsbygningar i bydelen vart bygd om til restaurantar og butikkar.

  

  

  

Turen gjekk vidare til Thanks-Giving Square, ein plass opna i 1976. Tanken bak denne plassen var å tilby offentlegheita rom til takknemlegheit, ein stad der alle kan møtast, reflektere over takknemlegheit og setje pris på mangfaldet i samfunnet. Denne plassen, eller parkjen, har vore laga i samarbeid mellom private aktørar og kommunen, og består av ein hage, kapell og undergrunnsområde. Kapellet minna oss litt om kyrkjo i Alta, den er forma som en spiral eller flamme.

Thanksgiving er ein høgtidsdag som feirast siste torsdag i november. I tillegg til USA feirast den i Canada og nokre andre land. Etter tradisjonen er hausttakkefest feiring av gode avlingar i året som gjekk. Tradisjonen kjem frå tida då europeiske innvandrar kjem til USA og takka Gud for å ha overlevd den farlege ferda over Atlanterhavet og det fyrste året i det nye landet. I dag handlar denne dagen om å samla famelie og eta eit godt måltid som gjerne består av kalkun.

  

  

  

  

Dei få timane me var i Dallas skjedde det absolutt ingenting der. Det var ikkje ein sundag ein gong, so me veit ikkje om me var på feil plass eller noko. Me var i alle fall, og heldigvis, ikkje vitne til noko skyting som me vart advart for. Me tutla tilbake til campingjen, prøvde å handla skikkjeleg brød, men det er eit stort problem i detta landet. Å kjøpa brød er ikkje eit problem, men dei sel stort sett slikt brød som inneheld mykje sukker, varar lengje og liknar meir på eit toast-brød enn sunt næringsrikt brød. I dag var det 37 °C (99 °F) og me held på å smelta. I natt var det ikkje mykje betre, lufta sto heilt stille, litt vind og trekk i teltet kunne me berre drøyma om. Det var fyrste gongjen på turen me måtte ha full opning på teltet, og alle kunne sjå inn 😊