Skip to content

På tur i Monument Valley

Navajo Nation er USAs største indianarreservat som strekkjer seg over eit område på 71 000 km² i fleire delstatar som grenser mot kvarandre: Utah, Arizona og New Mexico. Indianarar Navajo eller navaho var opphavleg nomadar som levde av jakt og sanking, men seinare busette seg og lærte å dyrka jord. Og det er nett det, dyrka mark, ordet navaho tyder på tewa-språkjet.

Det fyrste indianarreservatet vart etablert i 1868 etter langvarige kampar og fleire års undertrykking av den føderale regjeringa i USA. Alt i 1846 byrja konfliktar mellom europeiske amerikanarar og navajostammo. Amerikanske regjeringstroppar brente ned heim og jordbruksland til indianarane, stal eller drap dyra deira og tvang dei til å forlata sitt land og flytta til eit nytt område der dei vart haldne som fangar. Denne tvangsflyttinga vert kalla for The Long Walk of the Navajo då dei måtte gå til fots. I 1868 vart dei tildelt eit stort område som i dag er Navajo Nation Reservation og fekk lov til å returnera heim. Den lange marsjen heim kallast for The Long Walk Home. I dag er reservatet delvis sjølvstyrt, dei har si eiga regjering, storting og domstol, men også politi og skulevesen. Denne indianarstammo har 330 000 medlemer og meir enn halvparten bur i reservatet. Dei andre bur i Colorado, California og elles i landet. Navahoane utmerka seg i annan verdskrig då dei utvikla eit kodespråk som vart brukt i kommunikasjon i kampane mot japanarar som ingen klarde å tyda.

  

  

  

  

  

  

Monument Valley er eit stort område med raude sandsteinsmonument. Sjølv om valley tyder dal, er ikkje Monument Valley ein dal, men heller ei stor slette. Det er heller ikkje ein nasjonalpark, men ein privat park i indianarreservasjon Navajo Tribal Park som styrest av navajoindianarar. Det bur ca. 300 indianarar i parkjen.

I 1924 kom ekteparet Goulding til dette område, opna ein butikk og budde blant indianarar. I dag er plassen Goulding oppkalla etter dei og tilbyr grunnlegjande tenester til turistar. Monument Valley er kjend som innspelingsstad for mangjen filmar, stort sett westernfilmar, men også andre filmar, TV-serier og videospel. Den fyrste filmen spelt inn der var „Stagecoach“ i 1938 med John Wayne i hovedrolle.

Parkjen består av enorme sandsteinformasjonar i raud og oransje farge som er opptil 300 meter høge. Dei vart forma av dei nærliggjande Rocky Mountains hundrevis millionar år tilbake. Heile parkjen ligg på 1 676 meter over havet. Hovudattraksjonen i reservatet er Scenic Drive, ei 27 km lång runde mellom monumenta. Me kjøpte inngangsbillett for 5 dollar per person og køyrde denne runden. Me var glade at me hadde ein firehjulstrekk fordi ein køyrar på grusveg som ikkje heilt egner seg for vanlege bilar. Motorsyklar og bubilar er forbode der. So me køyrde på den støvete raude vegen, stoppa og såg på naturens skapningar. Dei fleste monumenta liknar på dyr (bjødn, kanin, elefant) og har fått namn etter utsjåande sitt. Dei mest kjende, i nokon lunde kronologisk rekkefylgje, er:

 * East and West Mitten Buttes – to store formasjonar som ser ut som nevar i vottar

 * Elephant Butte – ein stor elefant i ørken

 * Three Sisters – tre tunne pillarer som skal forestilla katolske nonner

 * John Ford`s Point Overlook – her står alltid ein indianar på hest 😊

 * Camel Butte – denne steinen er karakteristisk for puklar og derfor vart den oppkalla etter ein kamel

 * Totem Pole – ein 130 meter høg stein laga av erosjon

 * Thumb – åleineståande stein i form av ein tommel

Me køyrde nesten heile runden og det er nok lurt å setja av minimum tre timar som vert anbefalt for heile runden. Til slutt stoppa me i suvenirbutikkjen og kjøpte nokre suvenirar handlaga av indianarar, som dokker, skåler, bilete. På bensinstasjonen i Goulding vaska me bilen sidan den var full i raud sand etter off-road turen vår 😊