Skip to content

På vandretur i Boston

Frå Braintree der me overnatta tok me t-bane til sentrum. Det var ikkje langt å gå til endestoppet til linje Red Line og det tok oss ca. 30 minuttar å koma til Park Street midt i byen. Men billettsystemet var nokså tungvint. Me gjekk på ein kafé for å drikka frukostkaffi og planleggja dagjen.

Me ville sjå Museum of African American History, men då me kom dit var det stengt. So me fylgde Black Heritage Trail, ein sti på ca. 2 kilometer som går til viktige stader i afroamerikansk historie. Beacon Hill er eit koseleg strøk med bratte gater med brustein, gamle mursteinshus og antikke lanterner som lyser opp gatene. Husa var alt pynta til Halloween med graskar på troppe og skumle figurar i vindauga. Beacon Hill er ein av Bostons eldste bydelar og reknast som byens mest populære og dyraste bolegstrøk. Det har faktisk vore kåra til USAs sjuande dyraste nabolag å bu i. Det er mykje restaurantar, barar, kaféar og butikkar, noko me såg då me kom ned til Charles Street.

I dette området finn ein også Massachusetts State House, regjeringslokale til delstaten. Beacon Hill brukast ofte til å referere til regjering, på same måte som Capitol Hill i Washington D.C. der den føderale regjeringa sit. State House var bygd i 1798 og er det eldste byggjet på Beacon Hill. Det kosta 133 333 dollar, 5 gongjer meir enn budsjett. I 1874 vart den gylne domen pynta med 23-karats gullauv. Beacon Hill var ein gong i tida eit område beståande berre av afro-amerikanske innbyggjarar. 

Frå Charles Street fortsette me til Boston Common, ein stor offentleg park midt i byen og USAs eldste bypark frå 1634.

  

  

  

  

  

  

  

  

Boston er ein fin by med mykje historie. Me likar smale gater og gamle hus betre enn skyskraparar. Med t-bane flytta me oss til ei anna side av byen. Faneuil Hall er ein marknadshall i dag, men før i tida var den ein møtestad for folk som kjempa mot britisk herredøme, seinare mot slaveri og for kvinnerettar, og alle krigar sidan 1812 har vorte diskutert her. Det var ei gåve frå den rike handelsmannen Peter Faneuil i 1742. Hallen kallast for Cradle of Liberty, fridomens vogge, fordi det var her Samuel Adams og Jamis Otis heldt tale mot britiske myndigheiter. Heile området består av tre store hallar: North, Quincy og South. Det er mykje god mat i hallane og mangjen butikkar.

I nærleikjen av marknadshallen står Old State House frå 1713. I fyrste etasje var det handelssentrum (børs) og i andre etasje var det setet til britisk kolonistyre. Staden vitna Bostonmassakren i 1770 då fem menn vart drepne i slag mydlo kolonistane og britane, og den fyrste svarte amerikanar døydde for ei patriotisk sak. Frå balkongjen vart Uavhengigheitserklæringa lese opp i 1776. Old South Meeting House, den nest eldste kyrkjo i Boston (frå 1729), var møtestaden til dei som protesterte mot teskatt i 1773.