Skip to content

Providence, hovudstaden til delstaten Rhode Island

I dag forlet me Massachusetts og kjem inn i ein ny stat, Rhode Island. I Massachusetts brukar dei Route i staden for Highway. Rhode Island ligg sør for Massachusetts og er den minste staten i USA.

Dagens fyrste stopp var Providence, hovudstad i Rhode Island. Me parkerte i eit område med gamle hus frå 1700- og 1800-talet og spaserte til Wickenden St. der det var masse cafèar og restaurantar. Me måtte sjølvsagt smaka på noko lokalt og gjekk inn på ein koseleg cafè med hyggjeleg betening. Det var ikkje mykje folk i byen. På vegen tilbake til bilen såg me Capitol, setet til regjeringa, og elva Providence som renn gjønom byen.

Vidare køyrte me på ein liten veg til Newport, ein havneby sør i staten. Der var det smale gater, koselege cafèar, barar og restaurantar og mangjen små butikkar. Newport såg ut som ein liten engelsk by og ikkje med stygge blokker.