Skip to content

Revelstoke, inngansport til nasjonalparkjen Mount Revelstoke

No når me hadde fått ein agent som skulle ta seg av bilen vår kunne me ta det med ro og kunne flytta på oss utan å vera avhengig av nett heile tida.. Etter cirka 2,5 timar kom me til Revelstoke. Vegskilt i Canada er oppgjeve i kilometer, ikkje miles. I Revelstoke parkerte me langs jernbana på kanten av vegen (Victoria Rd.) som er reservert for bubilar og campingbilar. I Canada køyrar toget på trestolpar, det var interessant å sjå. Og det er enormt mangjen vogner kopla til i eit lokomotiv.

På Visitor Centre forklarte dei til oss kva me kunna sjå i byen og i nærleiken, fekk nokon brosjyrar med oss og fekk også sjekka nett. På den eine enden av gågata står to statuer av grizzlybjødn og midt i byen er Grizzlyplassen. Det bur ca. 8 000 innbyggjarar i Revelstoke og byen er eit viktig knutepunkt for både den transkontinentale motorvegen og jernbana. 

  

  

  

På Bymuseet (Revelstoke Museum & Archives) vart me møtt i billettluka av ei dame frå Moskva. Me brukte ganske lang tid på den relativt vetle, men interessante utstillinga. Me fekk vita at byen heitte Farwell før, men skifta navnet til Revelstoke fordi Baron Revelstoke (Edward Charles Baring) gav 13 mil. dollar til byggjing av CPR (Canadian Pacific Railway) og redda den frå bankerott. Jernbana vart bygd i 1885. I 1910 gjekk det snøras i fjellet der fleire arbeidarar døydde. Dei var frå Japan, Italia og Skandinavia. Kinesarar hadde budd lengje i byen, men har likevel vore diskriminert: i 1885 måtte dei betala skatt 50 dollar per person, i 1901 var det 500 dollar. Det var nesten berre menn som kom frå Kina til Canada og dei kunne ikkje jobba som legar, juristar eller lærarar. Ei lita utstilling synte besøk av alle medlemmane av kongefamilien i Revelstoke. Dronning Elisabeth II., som er Canadas statsoverhovud, vitja byen i 1951 og 1959, og besøkjet av William og Kate var også kome med (dei gifta seg i 2011 så dei var relativt nye i si rolle som representantar for det britiske kongehuset då). På ein vegg på museet hang eit stort kart kor folk kunna skriva kor dei var frå og koffø dei kom til Revelstoke.

Gjøno byen renn elva Columbia, ei elv på 2 000 kilometer som startar i Rocky Mountains i Britisk Columbia og renn gjøno Washington og Oregon i USA før den kjem ut i Stillehavet. Det er den største elva i nordvestregionen i Nord-Amerika. Elva er demt eit par kilometer nord for Revelstoke. Me måtte sjølvsagt sjå på elva. Me kjem til å skriva meir om denne elva når me kjem til USA.

Klokka 18:30 byrja live musikk framom Visitor Centre og ein del folk samla seg for å høyra på ei gruppa frå Calgary. Me sat på ein café og fylgde med, mens me naut kaffi, gulrotkaka og ananasmuffin.