Skip to content

Ro på Olkhon

  

Det var fint og roleg i den varme vikja vår, so me sov til klokka ni. Til frukost lagde me oss semulegrynsgraut og kaffi. Me ville sjå kapp Khorgoj der restane til kurykanar-muren var. Muren var bygd av steinar berre lagd oppå kvarandre. Denne muren var ein forsvarsfestning som delte kapp Khorgoj frå resten av øya. Det vart funne hol her som mest sannsynleg vart brukt til religiøse rituala. Kurykanarar var eit folkeslag som budde på øya før burjatane.

  

  

  

  

På kvelden flytta me oss til ferjekaien. Der var det alt mykje bilar og dei sto i to køar. Den eine var til dei lokale og den andre til turistar. Me måtte venta ganskje lengje, so me gjekk til ein bod og kjøpte oss nysteikte tsjebureki. Det er frityrsteikte pastaputer fylt med kjøt, noko liknande som pirogy, og dei var utruleg gode. Me sette oss på terrassen og venta vidare. Etter ein time byrja begge ferjene å gå, men me kom ikkje med nokon av dei. Det vart to timar venting totalt på oss denne dagen.

Frå Sakhjurta (MRS) køyrde me mot Elantsy kor me handla brød og smør. Butikkdama hadde ikkje vekslepengar og ho ville ikkje at me skulle betala meir enn det me skulle, so ho gav oss hundemat. Me stoppa for å eta, men mest fordi bilen kokte. No var me heilt sikre på at noko var galt med radiatoren. Varmeapparatet gjekk på fult i tillegg til at det var 30 °C ute. Me køyrde og stoppa av og til for å kjøle bilen ned og fylla på vatn. Dette gjorde me i 2 timar heilt til me stoppa for kvelden. På fastlandet var det mygg att etter nokre dagar utan mygg. Me prøver å finna ein verkstad i Irkutsk i morgon.

  

  

  

  

  

  

  

  

Mat og vatn i Russland

Me elskar mat og det å smaka på lokale spesialitetar er ein av hovudgrunnane til at me reiser. Dei som kjenner oss veit at mat har ein spesiell status i heimen vår.

Me tok ikkje eit stort matlager med oss. Me hadde nokre toroposar og hermetikk ​​i reserve, men desse brukte me ikkje. Me sparte dei for dårlege tider såpass mykje at me hadde dei med heim att 😊 Butikkar var overalt og det var ikkje noko problem å handla for fleire dagar. Då me skulle inn i eit mindre befolka område, planla me det og kjøpte litt meir mat og fylte på vatn i vatndunken og kjøpte også vatn på flaske. I Russland kan alt kjøpast, nokon gonger var utvalet større enn i Norge. I alle fall i ein butikk med 77 kassar. Det er eigentleg ikkje so stort problem å finna butikkar med større utval enn i Norge. Me handla i store butikkar i byane, men også i små butikkar på landsbygda der ei dame står bak diskjen og du må spørja om det du vil kjøpa. Nokre stader var butikkane so lokale at dei hadde tappa mjelk frå heimekyr eller -geit på ei plastflaske. Me kunne ikkje handla mykje fersk mat på ein gong, for sjølv om kjøleskåpet er ganske stort, er ikkje plassen oppi det ubegrensa. I kjøleskåpet oppbevarte me mat som smør, ost, skinke, jogurt, mjelk, frukt og liknande. Frå eit tidspunkt kjøpte me berre haldbar mjelk, fordi den ferske varte ikkje lengje og var ofte sur alt då me opna den. So fersk mat handla me i små mengde og åt den opp etter kvart.

Maten laga me på primusen og det var veldig praktisk. Då me var svoltne, stoppa me langs vegen og laga oss mat. Me åt også ute fordi me ville smaka på lokale spesialitetar. Anten me var på restaurantar, kantinar eller andre sjølvbeteningseteplassar i byane og langs vegane, kan me ikkje hugsa noko me ikkje likte. Tvert imot, i Russland laga dei skikkeleg mat, klassisk heimelaga mat. Me ville prøva so mykje som mogleg. Det seiast at russisk mat er veldig feit og består nesten berre av svinekjøt og kål (som ein journalist frå Aftenposten ein gong skreiv om slovakisk mat). Men det stemmer ikkje. Russisk mat er nok klassisk heimalaga mat, men veldig god. Dei lagar mykje supper, me likte best borsjtsj (raudbet- og kålsuppe med kjøt), soljanka (suppe med pylser og kjøt), sjtsji (kålsuppe) og ucha (fiskesuppe). Den kalde agurksuppa med gjær okrosjka likte me minst. Den var ikkje dårleg, men me vart nok overraska over at den var kald og at den framleis gjæra på fatet. Det er også viktig kven som lagar suppa. Russarane likar best supper som mor deira lagar 😊

I byrjinga visste me ikkje at dei serverar små porsjonar i Russland. Men på den andre sida har dei mangjen rettar: ein forrett (helst både kald og varm), suppa, fyrste og andre hovudrett og dessert. Då kan ein verta mett 😊 Av hovudrettar likte me best pelmeni (ein slags tortellini, kjøt pakka inn i deig), zjarenka eller zjarkoje (gryte av pota og kjøt, liknar på gulasj), biff stroganoff (mest i Vest-Russland), karbonade à la Kiev (kyllingrull), forskjellige typar fisk, biff med speilegg, sjasjlik (spyd), osv. Pota lagast i alle moglege variantar: kokte, bakte, gratinerte, pommes frites, potetmos, steikt med sopp eller ost – alt er godt. Bliny er ein rett som etast overalt i Russland. Det er pannekaker som serverast med alt mogleg: kjøt, skinke, sopp, lauk, ost, men også søte med syltetøy eller cottage cheese. Spesielle russiske drykkar er mors (saft av bringebær eller anna frukt) og kvas (ikkje-alkoholhaldig drikke laga av brød, slik som vørterøl).

Maten langs vegen var veldig god og billig. Servicen var rask, noko som passa oss spesielt godt då me hadde mangje kilometer framføre oss. Mangjen av stadane som me var innom hugsar framleis godt kommunisttida og servicenivået var ikkje alltid det me er vane med i dag og spesielt i Vesten. Serviettar er veldig tunne fordi dei er kutta i mindre for å spare pengar.

Vatn må me òg ha. Me løyste det sånn at me tok med oss ​​ein 40-liters vatndunk. Den fylde me i lokale brønnar og bekkar. I Russland anbefalast det ikkje å drikka vatn frå springen, men vatnet frå brønnane er drikkandes. I byrjinga filtrerte me det med reinsetablettar, men me brukte dei eigentleg berre nokre få gongjer. Geir har medfødt talent for å vurdera kvalitet på vatn, so han smakte alltid på det og bestemde om det gjekk an å drikka eller ikkje. Og gansje vellykka, fordi me vart aldri sjuke av vatn. Av og til kjøpte me også vatn på flaske, nokre gongjer også fordi det var avkjølt og det var veldig varmt ute.