Skip to content

Russisk ballett på sitt beste

Denne dagen byrja me med frukost på campingplassen. Vel, parkeringsplass er kanskje eit betre ord 🙂 Me sat der i våre campingstolar på ein grusplass omringa av andre bilar og bolegblokkar. Koseleg 🙂

Attraksjon nummer éin i byen var Det russiske museum. Det er den største samlinga av russisk kunst og inneheld nesten 400 000 gjenstandar. Den faste utstillinga handla om russisk kunsthistorie heilt frå vikingtida til i dag. Dette er eit slikt museum der ein kan gå rundt ein heil dag og berre få med seg ein brøkdel.

Me hadde ein avtale med Johannes, sonen til Martin som Ivana vart kjend med i jobbsamanheng. Johannes studerte i St. Petersburg på det tidspunktet. Me møttest framom Gostinnij dvor og gjekk eit godt stykkje, heilt til Opprørsplassen. Det er ein gedigen plass i finansdistriktet og eit stort trafikknutepunkt kor byen sin sentralstasjon for tog er lokalisert. Plassen har vore brukt til protestar og demonstrasjonar og i 1917 skifta den difor namn til Opprørsplassen. Og her fekk me dagens kulinariske oppleving på ein sjølvbetjent restaurant med utruleg stort mangfald av mat. Me smakte potetkake, kyllingrull (karbonade à la Kiev), pylser, svinakjøt i bacon, russisk salat, blini (pannekaker) med cottage cheese, mors og øl (magamusklane til Geir vart større). 🙂

Dagens høgdepunkt var balletten Svanesjøen på Eremitasjeteateret. Svanesjøen er ein av dei mest kjende ballettane som vart skreve av den russiske komponisten Pjotr Tsjajkovskij. Den hadde verdspremiere i Moskva i 1877 og vart oppført i St. Petersburg i 1895. Teateret er en del av Vinterpalasset og vart bygd i 1787 som eit hoffteater for tsarfamilien og den utvalde adelen. Det var det fram til den russiske revolusjonen i 1917, då bolsjevikane stengte teateret og brukte det til administrative føremål. Sidan 1991 har det vore ope for publikum igjen og førestillingar av den verdskjende klassiske russiske balletten har vore spelt her.

Salen med plass til 250 tilskodarar er forma i ein halvsirkel og prega av eleganse og praktfull design i antikken sin stil. Veggane er dekorert med marmor og statuer av greske og romerske gudar. Når du tar på veggane er dei varme – det er faktisk oppvarming i veggane. Setene er trekt med raud fløyel, golva er teppelagde og vakre lysekronar heng frå taket. Interiøret er i opphaveleg stand og har aldri vorte fornya. Ein ballett på Eremitasjeteateret er definitivt ei oppleving ein ikkje gløymer. Ein liten intim sal, kongeleg interiør og dei beste dansarane i byen skapar fantastisk stemning. Me følte oss som på ei kongeleg mottaking 🙂 Salen var stappfull då me kom. Førestillinga hadde to pausar då dei skifta kulissane. Dirigenten til det symfoniske orkesteret leste ikkje noter ein gong og alle fortjente stor applaus på slutten.

  

  

  

  

  

Etter førestillinga kl. 22 spaserte me langs elva og såg på nattbelysninga til både brua, festninga og Vinterpalasset. Fulle av inntrykk gjekk me heim (til bilen) med planer om å stå opp tidleg. I morgon er nemleg den store dagen – dagen då russarane vann den store patriotiske krigen i 1945.