Skip to content

Santa Fe, den eldste hovudstaden i USA

Santa Fe er ein vakker by. Vår fyrste by i USA der skyskraparar ikkje veks til himmelen og der bygningar ser ut som i eit eventyr. Santa Fe kan skryta av det eldste huset og den eldste kyrkjo, den eldste vegen og ikkje minst den eldste hovudstad i USA. Med 2 194 meter over havet er byen også den høgstliggjande hovudstaden av alle delstatar i USA. So la oss sjå på korleis det eigentleg er med desse eldste tinga 😊

Urfolkjet, særleg tewa og navajo, har budd i området sidan 900-talet. Spanske oppdagarar grunnla Santa Fe i 1610 som hovudstad i provinsen New Mexico som fyrst var ein del av Ny Spania, seinare Mexico og so USA. Heile navnet til byen er La Villa Real de la Santa Fe de San Francisco de Asís, men det forkortast til Santa Fe som tyder heilag tru. Santa Fe er fjerde største by i New Mexico og har cirka 62 000 innbyggjarar.

  

  

  

  

Kyrkje San Miguel er den eldste kyrkje i USA, bygd i same året som byen vart grunnlagt. Den vart delvis øydelagt under oppstandelsen til pueblofolkjet i 1680, men gjenoppbygd etter spansk overtaking i 1692. Alteret er frå 1798 og den gyldne trestatua av Skt. Michael Archangel symboliserer siger over Satan. Kyrkjo har vore brukt av både urbefolkninga, fransiskanarmunkar, militæret, men også til konserter, arrangement og sundagsmesser den dag i dag. Under spaserturen vår i byen oppdaga me ei interessant bygning, kapellet Loretto bygd etter modellen til La Sainte Chapelle i Paris. Og merkjeleg nok stod La Sainte Chapelle til modell då Magnus Lagabøte skulle byggja eit kapell på Bergenhus festning på 1200-talet. Verda er lita. Det heilt spesielle med Loretto er ei mirakuløs og flott trapp opp til galleriet som har 33 trappetrinn og to 360-graders svingar. Dette meisterverkjet vart bygd på 9 dagar av ein ukjent snikkar som forsvann utan å ha fått betalt. Når me fyrst snakkar om kyrkjer i byen, so må me sjølvsagt nemne også Frans av Assisi-katedralen, ei stor og lys kyrkje frå 1869-1887. Den heilage Frans av Assisi var skytshelgen til byen. Framføre kyrkjo står ei statue av Kateri Tekakwitha, den fyrste indianarkvinne som vart erklært heilag. Alle desse kyrkjene var utruleg fine.

  

  

  

  

  

  

Det som er felles for alle bygningar i Santa Fe og delstaten er arkitekturen og byggjestilen som er synleg påverka av spansk og meksikansk arkitektur. Bygningar i historisk sentrum er bygd av raud leire og typisk for dei er runde hjørner, ikkje skarpe kantar. Byggjematerialet som brukast til sleke bygningar heiter adobe som består av solturka leire. Den har vore i bruk i land med varmt klima i tusenvis av år, fordi den er temperaturregulerande, enkel å bruka og billig.

So var det den eldste vegen i USA. Om kongevegen El Camino Real i California har me alt skrive. Men det er den i New Mexico som er eldst. Heile navnet til vegen er Camino Real de Tierra Adentro, ofte forkorta til El Camino Real. Frå Mexico by, hovudstaden i Mexico, gjekk den 2 560 kilometer lange vegen til Santa Fe frå 1598 til 1882. I 1821 då Mexico fekk sjølvstendigheit frå Spania vart vegen forlengja med cirka 1 400 kilometer til elva Missouri ved Kansas City. Denne strekningjen er kjend som Santa Fe Trail. Dette var ein internasjonal rute der handel med sølv, pels, skinn, bomull og mykje anna føregjekk. I 2010 vart ein del av Kongevegen skreven inn på UNESCO.