Skip to content

Siste dagjen i Seattle

Seattle er ikkje hovudstaden i Washington, men den største og kanskje mest kjende byen i staten. Byen har vore bebudd av urbefolkninga i meir enn 4 000 år. Den vart grunnlagd i 1851, men alt i 1792 segla kaptein Vancouver med skipet Discovery inn i Puget Sound. Puget Sound er fjorden som Seattle ligg ved, den er 160 km lång og er 7. lengste fjord i verda. Til samanlikning er Sognefjorden 200 km lång og nest lengste fjord i verda, mens Hardangerfjorden med sine 180 km er 5. lengste fjord i verda. Puget Sound er ein del av Salish Sea som dannar grenso mot Canada, og er oppkalla etter løytnant Peter Puget. Som me fann ut i Seattle, i dei fleste amerikanske byar er skyskraparar tett i tett, gatene heiter 1, 2, 3, osv. etter lengde frå sentrum (1 er heilt i sentrum) og det er få byar som har gamalt karakteristisk sentrum som i europeiske byar.

  

  

  

  

  

  

  

  

I dag tok me buss til Seattle for siste gong. Planen er å flytta på seg i morgon. Same prosedyre som dei andre dagane: buss til Sea/Tac, som forresten er flyplassen for Seattle og Tacoma, so byte til tog. Bussjåføren var litt aggressiv fordi me ikkje gav han nøyaktig sum. Me hadde samla inn 7,50 $ for tre personar sidan me trudde at ein billett kosta 2,50 $ slik som framtil no. Men på laurdagar kosta billetten mindre (2,25 $) og denne forskjellen var tydelegvis eit problem for bussjåføren.

Me gjekk av på stasjonen International District/Chinatown og skulle sjå Chinatown. Den var veldig liten, me var på eit torg og so på eit bakeri i 6th Ave kor dei hadde kjempegode kaker og kaffi. Derifrå gjekk me forbi King Street Station, togstasjonen der me kom med tog frå Vancouver for meir enn ei veka sidan. Me gjekk også forbi eit museum om gullrushet i Klondike, som refererer til masseimmigrasjon av gulljegarar til området langs Klondikeelva i Yukon i Canada der gull vart funne i 1896. Ei linje på bakkjen eit kort stykkje frå museet markerte kystlinjo på 1800-talet. Elles so rusla me berre og såg på ting utan mål og meining. Tida gjekk veldig fort, me ville rekkje siste bussen til Kent som gjekk 18:17, men toget vart øydelagd og me måtte venta på eit nytt og rakk det akkurat.