Skip to content

Slaget om Moskva og framkomst til Moskva

Me vakna til eit strålande fint ver. På programmet sto slagfeltet og minnesmerka i Borodino.

Slaget ved Borodino, også kalla Slaget om Moskva, var eit av slaga under Napoleonskrigane. Den 7. september 1812 invaderte Frankrike under leiing av keisar Napoleon Bonaparte Russland (leda av general Mikhail Kutuzov, han som har statue framføre Kazan-katedralen i St. Petersburg). Så mange som 250 000 soldatar var involvert i slaget og det gjer slaget til eit av dei største i krigshistoria. Dei store tapa på begge sider gjer også slaget til eit av dei blodigaste i krigshistoria. Slaget enda uavgjort, russarane trakk seg tilbake. Likevel reknast dette slaget som ein siger i russisk historie. Borodinskoe pole er et utruleg stort område med mange spreidde minnesmerkjer og monument.

I ei av kyrkjene i Spaso-Borodinskij klosteret var det gudsteneste så me berre kikka inn. Klosteret vart grunnlagt etter initiativ frå enkja til general Tutsjkov som døydde av skader han pådrog seg i slaget ved Borodino. Munkane sitt hovudmål var å bevara graver til soldatar som fall i slaget ved Borodino. Klosteret vart stengt etter revolusjon og opna att i 1992. I dag er det fleire utstillingar i museet tilknytt klosteret. Me så utstillingar om slaget ved Borodino og andre verdskrig som vitnar om kor viktige hendingar i 1812 og 1941 var for heile Russland. Museumsverten fylgde etter oss heile vegen. Det er berre å venja seg til det, dei held på med dette i alle museum i Russland 🙂

Over vegen for museet er grava til Pjotr Bagration, russisk general som utmerka seg under Napoleonskrigane. Han vart nasjonalhelt i Russland etter at han vart dødeleg skada i slaget ved Borodino. I 1839 reiste tsar Nikolai I. eit monument over han i Borodino. Hans namn var også med i andre verdskrig då Stalin oppkalla Operation Bagration etter ham. Det var ein av dei største og viktigaste operasjonar under krigen og samtidig ein av dei største nederlaga til den tyske hæren (russarane dreiv tyskarane ut av Kviterussland i 1944). Heilt til slutt om Bagration, for dei som er spesielt interessert: han deltok også i slaget ved Austerlitz i 1805. Austerlitz er ein liten by i Tsjekkia, i nærleiken av grensa til Slovakia (byen heiter Slavkov på slovakisk). Bagration er også ein av personane i romanen til Leo Tolstoj Krig og fred.

  

Etter Borodino gjekk turen til Moskva, Europas største by. Det bur 12 millionar menneskje der. Det merka me allereie då me nærma oss byen. På dei siste 25 kilometrane brukte me 3 timer i sakte kø og solsteik mot byen. Ein slik trafikkork er vel på dagsorden i Moskva. Me såg mange politibilar køyre i midtfeltet som er reservert politiet, brannvesenet og ambulansar og fekk seinare vita at politiet stenger heile vegen når „viktige“ personar skal flytta på seg. Så stor trafikk som i Moskva påverkar også luftkvaliteten. Eksos og støv frå bilar, kvalmande lukt, mykje sand på trikkeskinna midt i vegen som innimellom vart kosta vekk av ein kombinert koste- og vatningsbil. Russarane er kreative når dei har det travelt. Ofte køyrer dei forbi på høgre sida ute på vegskuldra og stiller seg midt i krysset mens det er raudt lys for å sikre seg at dei vert fyrstemann ut av krysset 🙂 Dette fekk me mange eksempel på i timane med kø.

  

  

  

Framme i Moskva sjekka me inn på hotell. Der tok me oss ein velfortent dusj, det var godt. Heilt tilfeldig hadde me russisk TV på og såg oss sjølve og bilen i ein reportasje frå Borodino. Dei filma der tidlegare i dag og me vart også med i reportasjen då me gjekk opp til Bagration-monumentet. So no var me plutseleg kjendisar i Russland 🙂

Kl. 20 møtte Aleksander oss på hotellet. Aleksander er kollega av ein ven som me vart kjent med i Bergen og me avtalte at me skulle treffast i Moskva. So no er vi her. Aleksander hadde lyst til å visa oss byen og me spaserte mot sentrum. Begrepet sentrum er relativt – byen er so stor at det er fleire kilometer frå den eine til den andre enden av sentrum. Sentrum kallast alt som ligg innom B-ringen (Sadovoje koltso, på engelsk Boulevard eller Garden Ring) som er ein 16 km lang, 8-felts ringveg rundt det historiske senteret. Dette var byens grenser på 1600-talet. I dag er det ein særs trafikkert veg med tusenvis av bilar kvar dag.

Vårt fyrste stopp på bysightseeing med Aleksander var Den norske ambassaden som ligg i gata rett bak hotellet vårt. Me bur i eit ambassadestrøk, eit fint område som heiter Novy Arbat. Bilen står også trygt framom hotellet sidan det er vakt der 24 timer pga. den ghanesiske ambassaden rett over vegen. Vaktfolka var ikkje so glade i å ha ein så „stor og stygg“ bil ståande ved sida av alle dei nye luksusbilane. Rett ved sida av Den norske ambassaden ligg kyrkja (Chram prepodobnogo Simeona Stolpnika) kor den største russiske diktaren Aleksander Pusjkin gifta seg i 1831.

På vegen til Den raude plass fortalte Aleksander om Hotel Moscow som har to forskjellige fasadar. Då Stalin skulle velja kva forslag han likte best, skjøna han ikkje at det var to ulike design på teikningane, og sidan han sette sin signatur midt på teikninga så måtte dei byggja hotellet i to ulike stilar (dei var redde for å gje beskjed om at han hadde gjort feil). Hotellet vart opna i 1935, reve ned og bygd opp att so likt som mogeleg det originale hotellet i 2004 og opna som eit luksuriøst hotell i 2014.

No skal me endeleg få sjå den berømte raude plassen. Det er ein gedigen plass som før i tida fungerte som eit torg og vart seinare brukt til store politiske samlingar og militærparadar. Den store sigersdagen feirast også her, med ein tribune langs muren til Kreml og oppvisning av alt russisk militærutstyr på plassen. Den raude plassen er også kjend for at ein 18-åring frå Tyskland landa ulovleg med eit småfly i 1987, noko som førde til ein skandale sidan han usett kunne fly i det sovjetiske luftrommet (han flaug frå Hamburg via bl.a. Bergen). Leninmausoleet ligg på høgre sida, Kreml bak det, kjøpesenteret GUM på venstre side og Vasilijkatedralen rett framom. Både Den raude plass og Kreml er på UNESCOs liste over kulturarv (oppført i 1990). Me skal besøkja desse stader dei neste dagane og kjem til å skriva meir om dei. Frå Den raude plass rusla me i dei små gatene bak GUM heilt til me kom til KGB-bygningen (etterretningstenesta og det hemmelege statspoliti i Sovjetunionen). Frå der spaserte me til Bolsjojteateret frå 1776. Bolsjoj betyr stor og teateret fekk dette namnet fordi opera og ballett som vart framført der vart sett på som finare enn drama som vart spelt på mindre teater (Malij teatr). Frå der gjekk me forbi Dumaen, det russiske parlamentet, og tilbake til Aleksandrovskij sad.

Ambassaden

Hotel Moscow

Bolsjojteateret

Dumaen

Dagens høgdepunkt på matfronten var ein restaurant med russisk mat Ëlka-polka. No hadde Aleksander regi og bestilte russiske spesialitetar. Me byrja med ein halv liter vodka og mors. Til forrett hadde me den fantastiske salaten vinegret (vinaigrette) laga av raudbetar, potet, gulrøter, løk og sild. Hovudretten var zjarkoje på russisk, ein gryterett som liknar på gulasj, med oksekjøt, poteter og andre grønsaker.