Skip to content

Sunshine Valley a Okanagan Lake

On the road again. Me startar med å køyra mot byen Hope på Trans-Canada Highway 1 og tar av til veg nr. 3 mot Princeton. Der passerer me Sunshine Valley kor ein interneringsleir for japanske canadiere var etter angrep på Pearl Harbor. I dag er det eit populært fritidsområde. Me ser også fjelltopp Mt. Outram på 2 438 m.o.h. og køyrar over fjellovergang Allison Pass på 1 342 m.o.h. som er midt i Manning Park. Parkjen er populær for vandre- og skiturar og er det nordlege endepunktet på Pacific Crest Trail, ein tursti som sluttar i Mexico. Området me køyrar gjennom er kjend for gullutvinning og det er mange turistattraksjonar langs vegen. Langs elva Similkameen dyrkar dei druer og anna frukt. Ein kan fylgja ei vinrute som er godt skilta og besøkja noken vingardar. Langs vegen og i byar står bodar og butikkar der dei sel frukt. Me vart litt overraska over at dei dyrka druer her, me trudde det skulle vera fjell.

  

  

  

  

  

  

  

Frå veg nr. 3 svingde me til ein mindre veg 3A og seinare til veg 97 mot innsjøen Okanagan. Me såg mangjen campingplassar og rasteplassar ved innsjøen og langs vegen. Ute var det sol og nesten 30 °C, folk låg på dei mangjen strendene og bada i innsjøen. Okanagan Lake er gansje stor, ca. 130 kilometer lang og 5 km brei. Den strekkjer seg frå Penticton til Vernon og heile dalen er visst ein av dei varmaste regionar i Canada. Etter 7 timar på vegen kom me til Kelowna og tenkte at me kunne finna oss ein soveplass utanfor byen. Me køyrde i heile område, men det var slett ikkje lett, overalt var det private eigedommar. I Kelowna såg me Orchard Valley RV Park og sjekka oss inn. Vertane på dei fleste campingplassar bur i ein bubil sjølve, ved innkøyrsel til campingjen, der dei tar imot gjester og betaling. Me fekk plass ved sido av ein famelie som spelte kort heile kvelden.