Skip to content

Tsunami og redwood

Føremiddagjen var me på campingen der me hadde tilgang til internett og dusj, so me ville nytta oss av det. Har framleis forhåpningar om at me skal campa vilt og då vert det begrensa med fasilitetar. Me gler oss til det.

Campingjen der me låg i natt var rett før byen Crescent City som nesten vart heilt øydelagd av ein tsunami i 1964. 27. mars 1964 vart det største jordskjelvet nokon sinne, med styrkje på 9,2 på Richter-skala, registrert i Nord-Amerika. Det massive jordskjelvet rysta Alaska og utløyste ein tsunami som nådde 20 meters høgde i det opne havet. Det spreidde seg over Stillehavet og traff kysten av søraustlege Alaska, Britisk Columbia og USA. California, og spesielt Crescent City, vart hardast ramma av fire monsterbøljer som kom like før midnatt, oversvømte byen, drepte 12 menneskjer og forårsaka skade for 23 millionar dollar. I 2011, nokre månadar før me var der, kom ein ny tsunami frå kysten av Japan med styrkje på 9,0. Den øydela fleire båtar, båthavn i byen og skaden var på 50 millionar dollar. Èin person mista livet. Byens beliggenheit ved kysten gjer at den er ekstremt utsett for tsunami, i perioden 1933-2008 var det registrert 31 tsunami av ulik styrkje. Jordskjelva i 1964 og 2011 er to av dei fire største jordskjelv gjennom tidene som har målt over 9,0 på Richters skala.

Men det er ikkje berre Crescent City som er utsett for tsunami. Langs heile kysten er det fare for tsunami og myndigheitene har sett opp skilt som varsler folk om fare for tsunami og når dei er utanfor faren og evakueringsruter er godt skilta òg. Når jorda skjelv, er folk oppfordra til å umiddelbart reisa vekk frå kysten og inn i landet og oppøvebakkje langs den offisielle evakueringsruto (Tsunami Evacuation Routes). Dei skal ikkje koma tilbake til strender eller andre lågtliggjande stader etter fyrste tsunamibøljo. Farlege bøljer kan drive på og slå i fleire timar. Dei må venta på beskjed frå myndigheitene om at det er trygt å koma tilbake.

  

  

  

  

Me fortsette på veg 101, U.S. Highway 101, som går frå nord til sør gjøno Washington, Oregon og California. Det vil seie heile vestkysten til USA. Vegen er også kjend som El Camino Real, bokstavleg oversett som The Royal Road eller Kongevegen. Den forbinder stader som spanske misjonærar oppdaga langs kysten, bygde sine misjonar der og busette seg. Lenger sør møter den Highway 1, også kalla for California State Route 1 eller Pacific Coast Highway (PCH). Denne må ikkje forvekslast med U.S. Highway 1 eller U.S. Route 1 som går langs austkysten til USA. Det seiast at Highway 1 på vestkysten er ein av dei vakraste kystlinjer i verda, so me får sjao når me kjem dit. Veg 101 er eigentleg ei historisk rute som går i retning nord-sør, den byrjar i Washingtons hovudstad Olympia og endar i Los Angeles. Den vart erstatta av veg 5 (Interstate 5 eller I-5), ein moderne motorveg som tar mesteparten av trafikkjen. Den byrjar på grenso med Canada, eit lite stykkje frå Vancouver, og sluttar i Los Angeles. Den går parallelt med 101-en. So viss deko berre skal frå A til B so er det best å ta den raske vegen. Men me er på tur, me skal køyra sakte på små vegar, sjå oss rundt, stoppa på små plassar, smaka lokal mat og nyta livet 😊

  

  

  

På vegen, sør for byen Klamath, såg me plutseleg eit skilt om Tour-Thru Tree. Me svingde inn, betalte frivillig 3 dollar og køyrde gjøno treet. Jaudå, me òg må av og til gjera slike turistting 😊 Treet er 735 år gamalt og vart øydelagd av brann ein gong før i tida. Treet er 4,5 meter i diameter og 27 meter høgt. Det er sunt og levande, sjølv om dei i 1976 lagde ein tunnel i treet. Den er 2,23 meter brei og 2,9 meter høg, so me hadde flaks at bilen gjekk gjøno 😊

Treet som me nett har køyrd gjøno er eit redwoodtre, eit bartre frå California. Eit anna namn er californian redwood eller kystsequioa. Desse trea veks stort sett i California og Oregon, også andre stader i verda med varmt klima fordi dei toler frost dårleg. Dei kan nå ein alder av 1000 år og verta 100 meter høge. Den ytre delen av veden er gullig, mens kjerneveden er raudleg.

  

  

  

Historia til dette område er tett kopla til tømmer og sagbruk. Det kunne me sjå i byen Samoa som ligg på ein halvøy som for det meste er eigd av Louisiana Pacific Lumber Company. No var det lunsjtid og me hadde lyst til å smaka ein lokal spesialitet, helst fisk. På Samoa Cookhouse fekk me i oss rikjeleg med mat. Det var ein slags kantine med raude rutete dukar og lange bord. Maten måtte me henta sjølve og me kunne eta so mykje me ville. På menyen stod suppe, brød, salat, hovedrett, gulrotkake og kaffi. Ikkje verst.

Tilbake til hovudvegen køyrde me over brua til Eureka. I Leggett delar vegen seg, 101 fortsetjar inne i landet, mens 1 (Shoreline Hwy) svingar vestover mot kysten og går langs kysten heilt til Los Angeles. Den fyrste delen av vegen heiter Avenue of the Giants og er 51 km lang. Denne „scenic route“, panoramavegen, gjekk fyrst midt i ein tjukk skog med veldig høge tre. Det var ganskje myrkt, men varmt der. So kom me til ein skikkjeleg fjellveg med bratt stigning, sjåføren var misnøgd, men til slutt kom me til kysten og der var det veldig fint. Totalt har me i dag køyrd 360 km i cirka 5 timar, men jyssus dao kor mykje me har opplevd.