Skip to content

Ulan-Ude og Burjatia

I natt regna det og blæs so mykje at me trudde me skulle hamna i elva. Veret var ikkje fint i dag, det regna heile dagen. Me kom oss til Ulan-Ude på føremiddagen. Me prøvde å finna eit hotell, men alle var fullbooka. På hotell Barguzin hadde dei ledig eit siste rom utan bad for 1200 rublar (240 kroner). Vår dezjurnaja (etasjeansvarleg) viste oss til rommet og gav oss nykjelen (me fekk fyrst ein lapp i resepsjonen som me viste til ho). Toalettet var i enden av gangen. Badet/dusj var i ein annan etasje enn rommet og me måtte henta nykjelen hjå dezjurnaja. Badet var på eit vanleg rom, det var eit slags lager med alle moglege ting.

I gågata fekk me med oss feiring av 350-års jubileum til Burjatia. Dagen då republikken Burjatia vart med i Russland for 350 år sidan skulle feirast. Me skjønte etter kvart at det var derfor alle hotella var fullbooka. Det var ein marknad i gågata med handlaga ting, lokal mat og ymse. Det var danseoppvisning, musikk og folk gjekk i bunadar. Om kvelden var det fyrverkeri og fest.

  

  

  

  

Gågata (Leningate) var fint laga til med masse blomar og ein del statuar. Me rusla til endes i gata der den gamle marknadshallen står. Den har ein nyrestaurert fasade og mangje butikkar. Som i alle russiske byar har dei også her ei sovjetisk statue på Revolusjonsplassen. Rett over vegen står Odigitrievsky-katedralen. Den var bygd i den sjeldne sibirske barokkstilen i 1785 og var byen sin fyrste steinbygning. Kyrkjo var stengd for restaurering so me kom ikkje inn. I andre enden av Leningata er ein praktfull triumfboge bygd i 1891 til æra for tsar Nikolai II. Rett ved sido står Operahuset frå 1930-talet, nyoppussa med fin fasade. Plass Sovjetov er den store plassen som dominerast av eit gedigent monument av Leninhåve. Dette er verdas største Leninhåve, det veg 42 tonn, er 7,7 meter høgt og vart laga i 1970 til 100-årsdagen til Lenin.

På programmet stod også Burjatisk historisk museum der dei eigentleg ikkje var interessert i besøkjande, men til slutt slapp dei oss inn for 200 rublar for å sjå den historiske utstillinga om Burjatia. Den var berre på russisk, men veldig fin. Me lærde mykje der.

På matfronten var det litt ymse i dag. Då me kom til byen på føremiddagen tok me oss berre ein liten bete mat på Irish Pub i gågata. Der hadde dei tjekkisk øl Černovar. På kvelden prøvde me ein italiensk pizzeria. Pizzaen var veldig god, service også.

  

  

  

  

  

  

  

  

Ulan-Ude er hovudstaden i Republikken Burjatia som har rundt 1 million innbyggjarar. Republikken har sin eigen president, storting og grunnlov. I middelalderen var byen under mongolsk innflytelse. I 1666 bygde kosakkane ei bygd som heitte Udinskoje. Denne skifta namn til Verkhneudinsk i 1783. Ein stor brann øydela byen i 1878 og heile byen måtte gjenoppbyggjast. I 1934 skifta byen namn nok ein gong, til Ulan-Ude. Ulan betyr raud på burjatisk og ude refererer til elva Uda. Byen ligg der elvane Selenga og Uda møtest. Selenga renn inn i Bajkalsjøen, i deltaet der me campa i går. Ulan-Ude er senteret til buddhisme i Russland, betre sagt til tibetansk buddhisme. Det bur tre etniske gruppar her: urbefolkninga evenkere, burjater av mongolsk avstamming og russarar. Ulan-Ude er eit knutepunkt på den transsibirske jernbanen. Her byrjar den transmongolske jernbana som går gjennom Ulaanbaatar (Ulan Bator) til Beijing.