Skip to content

Utah, ein nasjonalparkstat

Utah er ein av fjellstatane i Vest-USA og ligg på eit av dei lågaste punkt i The Great Basin (Store basseng), det store turre slettelandet på 492 000 km2. Der ligg også saltsjøen Great Salt Lake og ørken Great Salt Lake Desert. Fjellkjedo Wasatch Range går på tvers av staten og deler den i aust og vest. I aust finn ein det kuperte Colorado-platået. Elva Colorado skjer seg i djupe canyonar og lager fine landskapsformer. Dei mest kjende nasjonalparkar i Utah er Arches, Bryce Canyon, Canyonlands, Capitol Reef og Zion.

Utah har vore fast bebudd sidan 1847 då grupper av mormonar slo seg ned ved Den store saltjøen. I dag bur 31 millionar menneskje i Utah, 80% av dei bur i og rundt hovudstaden og største byen Salt Lake City. Cirka 60% av befolkninga er mormonar. Navnet til delstaten kjem frå indianarstammo ute og tyder „folkjet frå fjedlet“. Utah er eit av dei få statar i USA med statleg kontroll over alkohol og tobakk. Det har samanheng med mormonane si tru.

  

  

  

  

  

  

  

  

I dag tidleg var det berre 9 °C  so me åt ein rask frukost og sette av garde mot nye eventyr. På veg 24 køyrde me mot Green River, det var turt og flatt rundt oss. Og det var bra for bilen. Green River er både namn på byen og elva som renn gjønom byen og er ei stor sideelv til Colorado River. I Green River tok me oss ein liten pause før me fortset på veg 70 til Moab. Canyonlands som me no har på høgre side såg me i går i det fjerne. Canyonlands vart nasjonalpark i 1964 og er Utahs største nasjonalpark. Den dekkjer eit område på 1366 km², gansje mykje meir enn dei me har sett dei siste dagane. Elvane Colorado og Green har skåre ned i Colorado-platået og forma canyonar.

Etter to timar nærma me oss Arches nasjonalpark og Moab. Me stoppa på Arches Visitor Centre og spurte om camping og korleis terrenget var. Klokko var alt 4 på ettermiddagen og me ville ikkje køyra opp, me kjem heller i morgon. På campingjen dreiv me med litt vedlikehald og planleggjing av komande dagar.