Skip to content

Utan bil i nokre dagar

I dag sto me opp før klokko sju for å gjera bilen heilt klar til levering, tømde kloakk og fylde bensin. Hos Canadream var det masse styr med skademeldingjen me fylde ut ved Moraine Lake, dei trakk depositum frå kortet vårt, men det fekk me tilbake seinare. Me måtte betala også for ekstra kilometer og dei meinte at det var eit teikn på at me hadde det bra på turen 😊 Ja, me hadde det bra på turen. Me fekk opplevd mykje på den korte tida me var i Canada og sjølv om det var dyrare enn det me hadde sett for oss så var det absolutt verdt det. I vår eigen bil har me alt me treng, men me hadde aldri leigd ein bubil før so me visste ikkje heilt korleis me skulle førebu oss til det. Me måtte òg leiga sengjetøy og kjøkkenutstyr som kosta ekstra, men det kunne me jo ikkje ha tekje med oss i ryggsekken uansett. Dette var ei ny oppleving for oss og me trur at me kan konkludera med at bubil ikkje er noko for oss 😊

Me tok shuttlebuss til stasjonen der me kunne ta Sky Train vidare. Sky Train er t-bana i Vancouver, utan førar og køyrar over bakkjen. Me kjøpte billett for 2,50 $ og tok den til Waterfront Station, endestoppet i byen. Derifrå byta me til ei ny linje (Expo) retning Joyce der me skulle bu. På ein kafé på hjørnet tok me ein kaffikopp før me sleit med dei tunge ryggsekkene våre til huset der me leigde eit rom gjønom Airbnb. Husverten med ein liten baby på armen opna døra og viste oss rommet vårt der det stod ei stor seng, eit lite bad og garderoberom. Det var eit stort hus med mangjen rom og dei fleste var til utleige.

  

  

  

  

Etter at me hadde funne oss til rette i vår nye heim for nokre dagar, var me klare for ein bytur. Me tok Sky Train til Waterfront og kom til Gastown, den eldste bydelen i Vancouver. Den vart grunnlagd av Gassy Jack (Jack Deighton), ein britisk sjømann som dreiv pub og selde alkohol til arbeidarar. Steamclock, eit dampdreve klokketårn som slepper ut damp kvart 4,5 minutt, er ein turistattraksjon. I Gastown er det all slags butikkar, kunstgallerier og eit levande uteliv med cocktailbarar, pubar og restaurantar.

Vidare spaserte me til Chinatown, Canadas største og ein av dei største historiske Chinatown i Nord-Amerikas. Inngangsporten vart vist på Expo 86, verdsmesse arrangert i Vancouver. Denne bydelen ligg sør for Hastings St., gata med narkomane som me skreiv om tidlegare. I Chinatown hald dei på å stengje butikkar, men ein marknad som berre er på fredagar, laurdagar og sundagar om sommaren heldt på å opna. Me smakte litt av kvart og likte alt.