Skip to content

Vakker moské Kul Sjerif og tatarsk historie

I dag var Nasjonalmuseet til Tatarstan på programmet. Det er eit relativt lite museum med fine utstillingar om historia til Tatarstan frå paleolitikum til Katarina den Store og andre verdskrig. Vogna til Katarina den Store er også utstilt her og ein kopi står i gågata.

Kazan er hovudstaden i Tatarstan, vart grunnlagt i 1005 og er 150 år eldre enn Moskva. På 1200-talet grunnla etterkommarar til Djengis Khan Den gylne horden, ein muslimsk stat som var ein del av Mongolriket. Tsar Ivan den Grusomme erobra Kazan i 1552, øydela den og innlemma den inn i Moskva. Det var etter denne historiske sigeren han gav ordre om å byggja Vasilijkatedralen i Moskva og mange kazan-katedralar har vore bygd i Russland for å feira overtaking av Kazan. I 1763 innførte Katarina den Store jordreform og inviterte tyske bønder, Volga-tyskarar, som vart erklært „fiendar av staten“ i 1941. Volga har vore ei viktig handelsrute mydlo Bagdad og Baltikum alt i vikingtida og har sidan hatt stor betydning for transkontinental handel. Den står for 2/3 av Russlands frakt av varer, 1/4 av Russlands jordbruksproduksjon og 1/5 av Russlands totale fiskefangst. Det er noko spesielt med denne elva. Me har likt den heilt sidan Nizjnij Novgorod då me såg den for fyrste gong.

Tatarstan har ein god del sjølvstyre og den sine eigne lovar er overordna dei russiske. Det var Boris Jeltsin som føreslo til at republikkane skulle få mest mogleg suverenitet (sjølvstyre). Her i Tatarstan tok dei han for ordet. Alle gater har tospråklege skilt: øvst står tatarisk og nedst står russisk.

  

  

  

  

  

  

Rett ved sida av Nasjonalmuseet er Kreml. Kreml i Kazan er frå 16. og 17. århundre og vart skriven inn på lista til UNESCO i 2000. Moské Kul Sjerif er ein veldig fin blå-kvit moské. Den berer namn til ein imam som døydde i 1552 då han forsvarte byen mot hæren til Ivan den grusomme. Den er samstundes den einaste moskéen på venstre breiddo av kanal Bulak, altså i den russiske delen. Det tok 10 år å byggja moskéen og den vart opna i 2005. Same året opna den einaste metrolinja i Kazan. Stasjonane i metroen liknar på orientalske palassa og namna vert annonsert både på russisk og tatarisk. Moskéen er bygd i marmor frå Ural av høg kvalitet, dei 60 meter høge minaretar har ein halvmåne i enden og den turkise kuppelen skal være krona til den siste herskaren i khanatet.

I Kreml finn ein også også setet til presidenten til Tatarstan. Rett ved sio er Sjujumbike-tårnet, eit 59 meter høgt lenande tårn. Framføre inngangen til Kreml står statue til Musa Dzjalil (også skriven Cälil eller Zalilov), ein tatarsk poet og motstandsmann som vart henretta av tyskarane i 1944.