Skip to content

Vegen til skyane

I dag vakna me på Koa Kampground, det er ein kjede campingplassar som finst både i Canada og USA. Dei har mangjen campingplassar og variert tilbod, og mangjen av dei tilbyr også mat. Slik var det også her, dei steikte pannekakar til frukost som folk kunna kjøpa. Me rakk ikkje frukosten, so me åt i bubilen. Sjølv om me kan slappe av litt angåande bilen so er me nødt å sjekka mail regelmessig. Men her virka ikkje internettet.

  

  

  

Me pakka alt og gjorde oss klare for avreise. Turen gjekk til Mount Revelstoke, ein fjelltopp på 1 600 m.o.h. Det er faktisk den einaste fjelltoppen i Canada der ein kan køyra. Vegen heiter The Meadows in the Sky Parkway og er 26 km lang. Prisen for å køyra opp er 15 $ og skal betalast til mannen som sit i ei bod ved inngangjen til nasjonalparkjen. Billetten gjeld for Mount Revelstoke and Glacier National Parks for eitt døgn. Desse parkane feira 125-årsjubileum i 2011, same som byen Revelstoke. Vegen var fin, ikkje bratt, og utsikten var fin sjølv om det var mykje tre rundt oss. Når me har køyrd gjøno skogen, opna landskapet seg og me kunne sjå dei mangjen engene med ville bloma som vegen er oppkalla etter (meadow tyder eng).

Etter å ha ete middag i bilen gjekk me opp stien i skogen (Summit Trail). I skogen var det snø og blautt og me brukte ca. 20 minuttar opp. Ein kunne gå i fleire retningar frå toppen, me gjekk til utsiktspunktet „Parapets“ Viewpoints og såg heile innsjøen Lake Revelstoke og fjedla bak. Der trefte me to nederlendarar som var på tur med campingbil og var på veg til Vancouver. Tilbake til bilen gjekk me på asfaltert veg som brukast av shuttlebussen.

  

  

  

  

Etter nesten 45 min. var me nede att og fortsette på Highway 1. Me kom inn i Glacier National Park og passerte den kjende Rogers Pass på 1 327 m.o.h. Like før Golden stoppa me på parkeringsplassen som høyrde til bensinstasjonen Husky. Det var fleire bilar som stoppa der og hadde lagt seg. På skiltet sto det maks. 8 timar, men ingjen såg ut til å bry seg. So me la oss ved sido av tre andre lastebilar. Det var ein av dei få gongjene me campa vilt, viss det går an å kalla det villcamping 😊