Skip to content

Ville Texas

Me var omtrent dei einaste som hadde plass med sol då me vakna. Frå campingjen var det eit kort stykkje til grenso til Oklahoma, so me tenke me nett skulle køyra over den for å kunne sei at me har vore i Oklahoma også. Haha. Me samla ikkje på delstatar, då hadde me køyrd ei anna rute heilt i frå starten av, so det var mest for moro si skuld. I dag har me stort sett berre køyrt. Me stoppa litt her og der, såg på ting, handla mat og åt. Og so lærte me noko nytt i dag òg. Til dømes at vegane i Texas er skilta RM og FM. Det er eit gamalt vegsystem innførd i Texas etter 2. verdskrig. FM står for Farm-to-market og meininga med namnet var å få alle bønder (farmers) ut av gjørmo, løfta dei fram. Men plutseleg meldte ei anna gruppe seg som følte seg forbigått. Det var ranchers, eigarar av ranchar, som bur stort sett i den vestlege delen av staten. Dei meinte at vegane i deira område burde heite Ranch-to-market, altså RM. Ein ranch er ei stor gard, særleg kvegfarm, so farm og ranch har ei veldig lik betydning, men etter krigen var skilnad på vegar veldig viktig for staten. I 1956 endra nokre av FM til RM, men det var heilt tilfeldig kva for vegar og kor dei var. For å sei det enkelt, Highway 281 er delingslinjo som går frå nord (frå Canada) til Mexico i sør. Alle vegar aust for den er merka Farm-to-market og vest for den heiter dei Ranch-to-market.

  

  

  

  

Electra, ein by me passerte på vegen, har det tettaste førekomst av oljepumper i Texas. Det finst 5 000 pumpeeiningar i radius av 10 miles (16 km) frå byen. Derfor vart byen i 2001 erklært for „Pump Jack Capital of Texas“. Me kjem tilbake til oljo.

Wichita Falls, ein større by, oppkalla etter urbefolkning (Wichita people) opplevde oljeboom på 1900-talet. Utanfor byen ligg flystasjonen Sheppard Air Force Base som er det einaste programmet i verda som trenar NATO-pilotar. Men den største attraksjonen i byen er verdas minste skyskrapar med det offisielle namnet Newby-McMahon Building frå 1919. Då olja vart oppdaga i byen i 1912 og byen hadde behov for fleire kontorbygg, foreslo ingeniør McMahon at han skulle byggja eit høgt kontorbygg. Han fekk med seg mangjen investorar som følte seg svindla då dei såg det endelege resultatet. Byggjet er 12 meter høgt og 3 meter breitt. McMahons teikningar viste ei høgd på 480 tommer (12 meter), mens alle hadde forventa 480 fot (146 meter). Det vart det ei rettssak av.

  

  

  

  

Planen var å sjå på byane Fort Worth og Dallas og derfor sikta me oss på ein campingplass midt i mydlo desse byane. Det var den finaste campingjen me har vore på. Fellesområda som stove, kjøken og toalett hadde ein behageleg temperatur. Ok, det var litt nedkjøla og kaldt, men det var herleg sidan det var meir enn 30 grader ute. Me bada også i bassengjet og solte oss. Fasilitetar på campingplassar varierer og dette var fyrste plassen me hadde private bad (do, dusj og vask). Det er mykje betre enn ein haug med dusjar og toalett tett i tett. Resten av kvelden slappa me av ved bilen, snakka med naboen som var oppvaksen i Amarillo, hadde vore med i U.S. Army Rangers (ei eliteavdeling i den amerikanske hæren) sidan han var 17 år og budde i Dallas då. Han meinte at me måtte vera forsiktig i Dallas, alle hadde våpen der. Me såg ei t-skjorte med bilete av ein pistol og tekst „In Texas, we don´t call 911“. 911 er nummeret for naudetater i USA.

Fort Worth var opphavleg ein militær festning, grunnlagt i 1849 til ære for den amerikanske generalen i amerikansk-meksikansk krig William Worth. I dag er den mest kjend som ein cowboyby, grunna stor kveghandel før i tida, og dei har det einaste museet i verda om cowgirls (National Cowgirl Museum and Hall of Fame). Fort Worth er den femte største by i Texas og saman med Dallas dannar Fort Worth eit av USAs største storbykompleks og har også ein av verdas største flyplassar. Våre planar om å sjå byen endra seg etter kvart og me reiste til Dallas i staden for.