Skip to content

Vladivostok-Seoul-Vancouver

I dag vart me vekt klokka 6 av ein melding frå Motorhome der me hadde bestilt bubil i Kanada om at me måtte sjekka mail med ein gong. Det hasta so fælt fordi me skulle henta den i dag. Dei ville gje beskjed om at dei ikkje hadde bilen me hadde bestilt og at me kunne velje eit anna alternativ (dyrare, men også større bil).

Flyplassen i Vladivostok var ikkje stor. Innsjekk føregjekk bak ei lukka dør og me måtte venta i ei god stund. I avgangshallen var det ein suvenirbutikk og ein kafé der me kunna kvitta oss med russiske pengar. Grensekontrollen tok ikkje lang tid, dei tok migrasjonskorta våre, hotellregistreringane spurde de ikkje om og alt var greitt. Dei lurde ikkje ein gong på kor bilen var. Stempelet i passet frå då me køyrde inn i landet i april synte ein bil, mens no fekk me eit stempel med fly på. So lett som det var å koma inn i Russland, so lett var det også å forlate det. Då var me klare til avreise. Bussen køyrde oss ca. 20 meter bort til flyet. Serveringa om bord flyet byrja med nokon drops og fortsetja med rundstykke med fisk, laks og kaviar og til dessert fekk me kjeks, ananas med kirsebær og kaffi/te.

  

I Seoul måtte me ta shuttletog til hovudhallen for å sjekka oss inn på neste fly. I Seoul var det 2 timar mindre enn i Vladivostok. Me fekk også sjekka mail, men hadde ikkje fått stadfesting på ein ny bil, so me ringde dei og dei skulle gjera alt dei kunne før me landa i Canada. Me måtte venta i 5 timar på flyplassen som var veldig moderne og steril. Om bord på flyet sat me gansje langt framme og berre oss to på 3-seteren. Flyvertinnene var hyggjelege og blide og „dei var unge og hadde ikkje fått ungar“, som Fred Olsen, den kjende norske skipsreiaren, ein gong uttalte i eit intervju. Flyturen gjekk greitt, me leste, skreiv reisebrev og prøvde å sova, men det vart det ikkje mykje av. Til frukost kunne me velje mydlo omelett og graut. Korean Air har fått fleire prisar for å ha god og variert meny. Korean Air er so langt det beste flyselskapet me har reist med.

På flyet fekk me utdelt deklarasjonsskjema til Canada som skulle leverast ved ankomst på flyplassen i Vancouver. Grenseoffiseren stilte oss nokre spørsmål, skreiv nokre tal på arket og alt var greitt, trudde me. Mens me venta på bagasjen, fekk me sjekka mail og fann ut at Cheap Motorhome ikkje klarde å booka ein annan bil til oss. Før me gjekk ut av flyplassen hadde me reservert eit hotell i Vancouver. På veg ut av flyplassen måtte me levera deklarasjonar og vart vinka til side. Der sat me i lag med asiatar som importerte store pappøskjer med nudlar. Me visste ikkje kva problemet var, men etter å ha venta i ei stund vart me kalla inn av ei grensedame. Ho spurde oss om alt mogleg, spesielt om kvifor me ikkje hadde ein returbillett. Ho grava seg gjennom heile bagasjen vår og fann teikning i den slovakiske læreboka til Geir. Det var ein teikning av eit hus der det stod norske og slovakiske ord. Ho lurde på kva det var for noko. Kva svarar ein eigentleg på eit slikt spørsmål? Ho trudde vel ikkje me ville sprengja huset til statsministeren? Etter forklaring fram og tilbake slapp ho oss gjennom. Det var ikkje lett å kome inn i Canada. Me trong visum til Russland, men dei spurde ikkje om returbillett. Til Canada trong me ikkje visum, men dei spurde etter billett ut av landet.

  

  

Hotellet vårt låg i East Hastings Street, ei gata full av narkomanar. Sjølve hotellet var greitt, vårt rom låg i 5. etasje og me hadde fin utsikt over deler av byen. Hotellet har sin eigen restaurant der dei òg bryggjer øl. Me sat ved vindauget og såg mykje elendigheit på ein stad – narkomanar, prostituerte, folk med eigne handlevogna, nokon i dunjakker, nokon halvnakne.

Resten av kvelden brukte me til å fylle ut ISF form (Importer Security Filing) som USAs grensekontroll må ha 24 timar før bilen forlet hamna i Vladivostok. Me laga også ei lista over ting i bilen og skreiv ein søknad til EPA (Environmental Protection Agency) om å få importere bilen midlertidig i 3 månader. Det er desse tre dokumenta pluss tre skjema som amerikanske myndigheiter skal ha. Silver Wind visste eigentleg ikkje so mykje om det og heller ikkje Interbridge Forwarding som dei delegerte oppgåva til. HMM (Hyundai Merchant Marine) kunne ikkje hjelpa oss fordi dei hadde visst ikkje lov å gje slike råd til kundar. Dei andre reisande som me var i kontakt med anbefalte Mercer, ein agent/havneoperatør i Seattle, og dei kunne hjelpa oss.

Klokka var to om natta då me la oss. Det var ein utruleg lang dag. Me sto opp klokka 6 på tysdag og la oss klokka 19 på onsdag Vladivostok tid. Me flaug over so mangjen tidssonar at det vert vanskjeleg å rekna det ut og ein vert heilt forvirra. I verkjelegheita landa me i Vancouver klokka 12 lokal tid på tysdag, men det kan sjå ut som om me berre var på tur i 6 timar. Tysdagen vart så utruleg lang at me fekk faktisk ein ekstra dag. I Vancouver er det 18 timar mindre enn i Vladivostok og 9 timar mindre enn i Europa.