Skip to content

„To travel is to live”

Me er Ivana og Geir, eit slovakisk-norsk par, og i meir enn 10 år har me reist på tur i vår Toyota Landcruiser. Me har kalla oss for Happy Landcruisers fordi me er glade (happy) når me kan cruisa rundt i Landcruiseren vår, oppdaga nye land, verta kjende med lokale folk og smaka på lokale delikatessar. Sitatet til Hans Christian Andersen beskriver oss godt. Å reisa betyr for oss å leva.

Sidan me trefte kvarandre har me sett ufatteleg mange plassar. Me har heile tida fleire turar planlagde samstundes, og alltid fleire turar på lur. Det går nesten ikkje ein dag utan at me studerer kart, les guidebøker, surfar på nettet med eit ynskje om å oppdaga vårt nye reisemål. Enten det er helgeturar eller lange eventyrlege ekspedisjonar. Nokon gonger er dei nøye planlagt, andre gonger har me berre grove konturar av ruta som me vil køyra og resten overlét me på slump og overrasking. Me har vorte svært glad i å reisa langsamt utan overdriven planlegging og sjølve vegen er målet vårt.

Denne nettsida laga me for 10-årsjubileet til vår reise rundt jorda i 2011 og kvar dag frå og med 26. april skal me skriva om våre opplevingar slik me opplevde dei dag for dag. Fylg oss her eller gå til Overland-sida i menyen. Etterkvart vil me publisera bilete og artiklar frå våre andre reiser og me vil også skriva om vakre stader i våre heimland Slovakia og Norge.