Skip to content

”Me reiser ikkje for å sjå forskjellige ting, men for at me skal sjå ting forskjellig”

Om oss

Ivana kjem frå Slovakia, ho kom til Norge for å studera i eitt år og plutseleg har 17 år gått forbi. Geir er frå Øystese, ein fin plass ved Hardangerfjorden, den nest lengste fjorden i Norge og den femte lengste i verda. Me bur for tida på Voss, midt mydlo Sognefjorden og Hardangerfjorden.

Me utfyller kvarandre godt. Våre turar planleggjer me i lag og deler på oppgåver når me er på tur. Geir er hovudpilot, flink til å køyra utan å sjå på vegen og teknisk ekspert i teamet vårt. Han snakkar godt med politi langs vegane, uansett kva språk dei snakkar (han snakkar berre norsk med dei). Ivana er hovudfotograf og skriv ferdnotatar. Ho er flink til å lesa kart, men Geir orienterer seg etter sola. Ivana planlegg mat på tur som vi då lager i lag.

Om bilen

Bilen er ein 1985 modell Toyota Landcruiser HJ60 med 4 liters 6 sylindra dieselmotor. Den har rulla sine 500 000 km og er like ung og sprek som då han kom ny frå Japan. Bilen er rigga med taktelt kor me søv, sidetelt for kledeskifte og dårleg ver, og også ei markise som går 270 grader rundt bilen. Det er installert vanntank med pumpe og armatur/dusj, uttrekksskuffer, kjøleskap, gassanlegg med koketopp og ekstra batteripakke til forbruk med total kapasitet på 330 A / 24 V.