Skip to content

Overland 2011 – vår reise rundt jorda gjennom Russland og Amerika

· 36 492 kilometer · 194 dagar · 580 timar bak rattet · 3500 liter diesel
· Verdas tre største land 
· Landet med flest tidssoner i heile verda 
· Verdas fjerde største og Europas største by 
· Europas lengste elv 
· 20 % av ferskvatn på jorda 
· Verdas største Leninhode 
· Det største kattedyret i verda 
· Ein av dei turraste plassane på jorda 
· Verdas største konsentrasjon av oljebrønnar 
· Verdas fjerde lengste elv og USAs lengste elv 
· Verdas største vatnføring 
· Verdas største hengjebru 1964-1981 
· Den nordlegaste hovudstaden i verda 

„Om tjue år vil du vera meir skuffa over ting du ikkje gjorde enn over dei du gjorde. Så kast loss. Seil ut frå den trygge hamna. Utforsk. Drøym. Oppdag.– Mark Twain

Korleis starta det heile?

Geir kom i 2007 over ein artikkel i bladet Land Rover Owner om ein ekspedisjon gjennom Russland, og sidan då fekk han ikkje til å sova. Etter kvart begynte me å vurdera det alvorleg og leite etter detaljane. Kvar vert reisemålet? Kva for ei rute skal me velja? Kva for ein bil skal me køyra? Kvar skal me bu? Kva med jobben? Kva med bustaden? Etter å ha svart på desse spørsmåla, fokuserte me på å løyse meir spesifikke ting som visum, forsikring, diverse løyver til bilen, shipping av bilen, vaksiner, men også praktiske ting som ombygging av bilen. Me brukte fleire månader på desse førebuingar og hadde då ikkje så mykje tid igjen til detaljert ruteplanlegging. Me valde ruta Bergen-Vladivostok og sjølv om me hadde nokolunde idé om kva me ville sjå, vart programmet til undervegs.

Me visste at me ville ta bilete og filme, men på det tidspunktet hadde me ikkje trong om å dela opplevingane våre på sosiale media akkurat i det augneblinke dei skjedde. Sjølv om sosiale nettverk eksisterte også allereie då, var dei ikkje så utbreidd som dei er i dag. Smarttelefonar var endå ikkje så vanlege og rimelege å bruka som dei er i dag. Google-kart var framleis på bleiestadiet, dei viste ikkje dei nærmaste historiske minnesmerke, restaurantar og overnattingsstader basert på telefonens posisjon. Me hadde med oss ​​eit papirkart og guidebøker, i Russland hadde me ikkje ein gong GPS, me orienterte oss etter sol, elvar og kyrkjetårn. Bra at me har erfaring og nokolunde orienteringssans. Overnatting fant me i guidebøker, nokon gonger på internett eller me berre såg noko og sjekka inn, dersom me ikkje campa. Sjølv om me tok mange bilete er det nokon opplevingar som møte med lokalbefolkning som me berre har lagra i vårt minne. Me opplevde og naut det i sanntid. Me sat i bilen i mange timar, la bak oss store avstandar, ofte i fullstendig stillheit. Dette var vår måte å ta inn opplevingar på, tid for oss sjølv, ein slags balsam for sjela. Å vera saman 24 timar i døgeret i nesten 200 dagar er ikkje å spøkja med 🙂

I dag, 10 år seinare, er det framleis mange av våre vener og kjende som ikkje veit kva me eigentleg opplevde på denne ekspedisjonen. Derfor vil me skrive om reisa vår dag for dag. Ver med på å feira 10-årsjubileet til ekspedisjonen vår og fylg oss på nettsio vår, instagram eller fjøsbok.

Fylg med dag for dag