Skip to content

Katedralane og båttur

I dag vart det endeleg fint vær, sola kom ut og det vart varmare. Det var ein god grunn til å rusle langs elva Mojki og sjå på båtar med lokale innbyggjarar og turistar. Plutseleg havna me på ein båt og cruisa ein stor ring i byen. Me køyrde forbi plassar som me allereie har sett og fekk sett mange nye plassar. Vår båt segla litt på den store elva Neva, den som me kryssa i går, og kobla seg så til elvekanalen Fontanka. Neva er 74 km lang og 1 km på det breiaste. Byen ligg ved Neva-delta, 160 km frå Finland og er delt i fire sonar av sideelvane til Neva. Fontanka er ei av sideelvane til Neva og fekk namnet sitt fordi den forsynte mange fontener i byen med vatn.

  

  

  

  

  

  

Isak-katedralen – verdas tredje største domkyrkje. Visste deko at det berre er Peterskyrkja i Roma og St. Pauls katedralen i London som er større enn denne? Isak-katedralen vart byens hovudkyrkje etter at Peter- og Pauluskyrkja der me var i går, slutta å vera det. Frå 1928 til 1990 var kyrkja eit museum om ateisme og gudstenester var forbodet. I dag brukast kyrkja til ortodokse gudstenester på sundagar og andre ortodokse heilagdagar.

  

  

Kvar gong me kjem ut av „vår“ metrostasjon på Nevskij prospekt, ser me Kazan-katedralen rett framføre oss. Den skal vera ei av dei vakraste ortodokse kyrkjer i Russland og vart bygd etter modell frå Peterskyrkja i Roma. Namnet til kyrkja kjem frå eit verdifullt ikon med namnet Vår Frue frå Kazan. Ikonet kom opphavleg frå byen Kazan som var øydelagt av ein stor brann på 1500-talet, men ikonet vart altså redda og fant vegen til St. Petersburg. Foran kyrkja står statue til Kutuzov, den russiske øvstkommanderande i sigeren over Napoleon Bonapartes invasjon i 1812. Sidan kyrkja vart ferdigstilt på same tidspunkt, vart den eit slags sigersmonument og Kutuzov vart gravlagd inne i kyrkjo. Under kommunismen hadde den same skjebne som Isak-katedralen, det vil seie at den romma museum for ateismens historie. I dag er den igjen byens domkyrkje. Sidan det er ei russisk-ortodoks kyrkje må kvinner dekka til håret.

Kazan-katedralen

Geir med russisk is

Kutuzov

Fine stolper

Sidan me snakkar om best, størst, fyrst, osv., så må me nemne Gostinnij dvor. Den er ikkje berre byens eldste kjøpesenter, men også eit av verdas fyrste innandørs kjøpesentre. Den strekkjer seg over 1 km i lengde og har overflate på 53 000 m2. Det er verkjeleg stort med butikkar av alle moglege slag.

I dag åt me på den russiske fastfoodrestauranten Krosjka Kartosjka. Me prøvde to nye supper. Okrosjka er ei kald agurksuppe med gjær, og den gjæra framleis på fatet, men Geir likte den. Den andre suppa var soljanka med pylser, pota og grønsaker, og den var verkjeleg god. Til hovudrett bestilte me innbakt svinekjøtt med pota og bakt pote med ost og skinke. Alt handla om pota her slik som namnet tilseier: kartosjka betyr pote. Dei hadde pote tillaga på alle moglege måtar og ein kunne velja tilbehør frå disken. Dette kallar me sunn fastfood 🙂 Me fekk også smaka mors, ei slags russisk saft, og sibirsk øl.