Skip to content

Toyota-senteret i Vladivostok

Jevgenij på Toyota-senteret i Khabarovsk gav oss kontakt til sin kollega Sergej i Vladivostok. Me ringde han og leverte bilen inn. Seinare fann me ut at han også var i Khabarovsk då me var der. Dei var so mangjen der, so det var ikkje lett å hugsa adle. Han var veldig positiv til at dei skulle reparera cellene i radiatoren og skulle ringja oss når den var ferdig. Neste dag var han ferdig og me kunne henta han. Me tok taxi, skulle betale 250 rublar, men taxisjåføren hadde visst ikkje vekslepengar så han fekk 500 rublar. Nokre russiske taxisjåførar er bra utspekulerte, dei seier at dei ikkje har vekslepengar for at me skal gje dei meir. Då me kom fram, fekk me kaffi og måtte venta litt. Geir prøvekøyrde bilen og Ivana sat på venterommet og gjorde ymse administrative oppgåver som til dømes å skriva dagbok. Før me gjekk, fekk me overlevert nokre små gåver til Sergej og me fekk òg termokoppar med Toyota Vladivostok på og forsikringar om at dersom me var aust i Russland att så kunne me berre ta kontakt og få hjelp.

  

  

  

I desse dagar går me rundt og ventar. Fyrst venta me på at bilen skulle vera ferdig på verkstaden, no ventar me på beskjed om shipping av bilen. I mellomtida går me rundt i byen og ser på ting, planleggjer kva me skal gjera mens bilen er på havet og undersøkjer diverse praktiske ting som må vera på plass før shipping. Det er mykje spesielle reglar i USA. Her i Russland har dei ikkje funne på noko slikt tull som til dømes at me må ha godkjenning frå landbruksmyndigheitene i USA for å få lov å innføra bilen til USA.

Vladivostok er heimen til Den russiske Stillehavsflåten, mens Murmansk som er 100 kilometer i luftlinje frå norsk grense er heimen til Den russiske Nordishavsflåten. Visste deko at russarar tidlegare kalte nordmenn for urmaner eller murmaner? Dei oppfatta visst ordet nordmann som urman eller murman. Men tilbake til Vladivostok. I 1871 vart marinehamn, basen til Den sibirske militærflåte flytta til byen. Byen var stengd for utlendingar frå 1958 til 1991 nett fordi byen var basen for Den russiske Stillehavsflåten.

På vegen til Toyota-senteret såg me eit stort areal til Stillehavsflåten bak eit boligområde og midt i byen er fleire båtar utstilt midt på kaien (på land). Der ligg også Krasnij Vympel, det fyrste skipet til Stillehavsflåten, bygd i 1910 i St. Petersburg. Det er ein stor attraksjon i byen, men var stengd for oppussing då me var der. På kaien står også ei betongboge som symboliserer Mansjur, den fyrste russiske supplybåten som ankom bukta i 1860 då byen offisielt vart grunnlagd.