Skip to content

190 dagar på tur

 

190 dagar på tur

9 døgn rein køyretid

14 814 km (ca. 189 km/dag) frå Seattle til Washington D.C.

1 553 liter diesel

1 634 dollar (8 988 kroner) for diesel

1 liter per mil

4 av 9 tidssonar med 8 timars forskjell

75% av netter budde me på camping

Ingjen punktering

1 gong på bilverkstad

Etter 78 dagar i USA tok me farvel med detta store landet. Avstand frå vest til aust i USA er cirka 5 400 kilometer. Me køyrte 14 814 kilometer frå Seattle til Washington D.C. og brukte 219 timar (9 døgn). Bilen slukte 1 553 liter diesel som kosta 1 600 dollar.

Me var på USAs vestlegaste punkt (Cape Blanco), nordlegaste by på fastlandet (Bellingham, Washington; sidan det nordlegaste punktet er i Alaska) og me har også vore innom statar kor det austlegaste (Lubec, Maine) og sørlegaste punktet er (Key West, Florida).

I USA køyrte me gjøno fire statar på ein dag. Faktisk heile tre gonger: fyrst i Utah, Arizona, Colorado og New Mexico; so i Vermont, New Hampshire, Maine og Massachusetts; og til slutt køyrte me frå Pennsylvania til Maryland, West Virginia og Virginia 😊

Dei mest vitja attraksjonar i USA skal vera:

1. Times Square i New York

2. Las Vegas Strip i Nevada

3. National Mall and Memorial Parks i Washington DC

4. Faneuil Hall i Boston

5. Disneyworld i Florida

Me har vore på alle bortsett frå den siste, og det var før me visste om denne lista 😊