Skip to content

Olje på kvart hjørne

Siste dag i Texas og me vil skriva litt om Texas. Dei mest kjende byane er vel Dallas, Houston og San Antonio, men det er Austin som er hovudstad. Texas er den nest største delstaten i USA og uttrykkjet „alt er større i Texas“ er ei god skildring av det. Landskapet er variert, delstaten har både ørken, store sletter, skogar og snø om vinteren. Texas er kjend også for olje som vart funnen på 1900-talet og er ein av dei rikaste delstatar.

Historisk sett har Texas vore underlagt både Spania, Frankrike og Mexico før USA annekterte det i 1845. Dermed fekk amerikanarar utvida sitt område frå Florida, eller eigentleg Atlanterhavet, til Stillehavet. Etter den meksikansk-amerikanske krigen fekk USA fleire områder som California, New Mexico og Texas, og utvida dermed sitt territorium. Dette var hovudidéen i det sokalla Manifest Destiny, ein idé av innvandrarar frå Europa på 1800-talet om at det var USAs skjebne å ekspandera og underleggja seg heile kontinentet. Dei meinte at den anglosaksiske rasen var overordna alle andre rasar og dei måtte akseptera det. Protestantisme og demokrati skulle spreiast. Denne idéen rettferdiggjorde også krigen med Mexico.

  

  

  

  

Etter utsjekk frå camping reiste me til Irving Arts Centre, eit museum der dei hadde ei utstilling om Dsjingis Khan. Me lærte at biff tartar (tatar) kjem frå tida då soldatar hadde kjøttstykkje under salen for å varme og eta den undervegs. Det var utruleg kaldt på museet, men me kan ikkje skulda berre på den overdrivne air-condition som er so vanleg i USA, men dei hadde faktisk ei grunn til det. Det var utstilt ei mumie av ei prinsessa som skulle ha levd i Dsjingis Khan tid og som vart funne begravd i ei kasse i Gobi-ørkenen, og heilt utturka. Det var fleire museumsvakter i museet og ei av dei byrja å snakka med oss. Ho syntest at Ivana hadde ein aksent som høyrdes kjent ut for ho og spurte kor me var ifrå. Det viste seg at ho var frå Prešov, ein by aust i Slovakia, men ho snakka ikkje slovakisk lenger. Verda er lita 😊

  

  

  

Ein annan interessant by i Texas er Kilgore der dei har eit oljemuseum som handla mest om korleis livet til lokalbefolkninga endra seg då oljo vart oppdaga i byen på 1930-talet. Då utvann dei 18 000 oljefat kvar dag og oljo kosta 10 cents, mens vatnet kosta 1 dollar. Det lukta faktisk olje i heile byen! Den kan skryta av verdas største konsentrasjon av oljebrønnar og at dei produserte 2,5 mil. oljefat dagleg på 1960-talet. Oljo var so viktig at dei til og med bora ein brønn i Nasjonalbankjen.

Texas har ikkje berre det største oljefeltet i USA, men også verdas største konsentrasjon av oljebrønnar. Den har ein storleik på 1,1 aker og heiter derfor World´s Richest Acre. Acre er måleeining for flate og tilsvarar det norske ordet åker som er 4,0469 dekar eller 0,40469 hektar. Ved funn av olje på byrjinga av 1900-talet fekk delstaten en kolossal økonomisk oppgang. Etter dette har Texas vore mellom USAs rikaste statar. Alle dei store oljeselskapa er etablert i Texas og det er gjort store funn heilt fram til i dag. I løpet av det fyrste tiåret av det 21. århundret gjekk Texas forbi New York og vart den nest største økonomien i USA. Spesielt har veksten innan høgteknologi, høgre utdanning og biomedisinsk forsking vore sterk dei siste tiåra. Texas har enorme sletter og er størst på både kjøtproduksjon og antal cowboyar i USA 😊

Halvvegs mydlo Dallas og Kilgore køyrte me forbi Grand Saline der det finst saltreserver store nok til å tilfredsstille verdas behov dei neste 20 000 år.

Me er forresten midt i bibelbeltet, ein region sør i USA som tilsvarar sørstatane der religion er ein viktig del av kulturen. Fyrst var den anglikanske kyrkjo utbreidd, men seinare dukka også andre bevegelsar opp, til dømes baptistiske, metodistiske, presbyterianske og pinsemenigheten for å nevne nokre. Ein eldre guide på museet i Kilgore ville snakka med oss om kristendom og Gud.

Dagens køyreetappe var ikkje so lang. Totalt køyrte me ca. 300 kilometer på 3,5 timar. Overnatting fann me i statsparken Martin Creek Lake S.P. Det var ein stor park, eller betre sagt skog, og me sirkla litt før me fann ut av det. Til slutt fann me også bestyrarar, dei budde i en campingvogn sjølve. Me kunne velja nett den plassen me hadde lyst på. Det var ein del mygg ute sidan campingjen låg ved eit vatn og masse maur som klatra opp stigen. Heldigvis kom dei seg ikkje inn i teltet (dei var misnøygde med permetrinen som me spraya på stigen so dei segna om og datt nedatt).