Skip to content

Museum og kunsterstrøk

I disse dagar bruker me føremiddagar på rommet til å sjekke ymse ting på internett. Midt på dagjen går me ut og rekker å sjå ein, kanskje to ting. I dag tok me buss til museet Museum of Vancouver. Ei utstilling handla om Bangra (Bhangra), både ein type dans frå Sør-Asia (Punjabi) og ein form for å utrykkja seg på på ulike måter: sosialt, kulturelt og politisk. Slek ytringsmåte brukte dei for eksempel då sør-asiatane i Canada kjempa for høgare løn eller stemmerett. Den andre delen av utstillinga handla om byen, dei fyrste innbyggjarar, innvandrarar frå Kina og Japan, fyrste og andre verdskrig, liv på 1950-talet og hippies. Me fekk vita at i 1941, etter bombing av Pearl Harbor, vart canadiske japanarar internert, nokre av dei returnert til Japan (også dei som var fødd i Canada), mens andre fekk eit val om å flytta austover og spreia seg i landet.

  

  

  

  

Geir har lengje drøymt om å eta hamburger. I dag er dagjen når drøymen hans går i oppfylling 😊 Etterpå tok me buss 2 til sentrum, gjekk av på Burrard St./Davie St. og rusla langs Granville St. Der var det ein del kunstnarar som enten spelte instrument, song eller synte kroppskunst, det var òg ein del teater, butikkar, kaféar og restaurantar der. Me sette oss på ein kafé der dei serverte pannekake med sjokolade og kokos og observerte livet på gata.

Ei gamal historisk kyrkje stod i stor kontrast med dei hypermoderne glasbygningane på 40 etasjar som husar hotell og kontor. Dei høge supermoderne hotella er så tipp topp at det nesten ikkje går an å bu der (for oss dødelege). Alt skal vera so perfekt her at det er trist når ein tenkjer på kor mangjen uteliggjarar og narkomane det er i Hastings Street.