Skip to content

Jekaterinburg – moderne og fin by

I dag var det fint ver og sol so me tok på oss shorts og sandalar. På vegen til sentrum gjekk med forbi sirkuset som er ein bygning med ein stor kuppel. Den ytre kuppelen berer den indre og det er berre i Brasil ein kan finna noko liknande. Sirkuset opna i 1980 og har 3 000 plassar. Bygningen var vårt orienteringspunkt på vegen til hotellet vårt. Då visste me at me snart var heime 😊

Det var tid til å senda ei helsing heim. På Greenwich-senteret fekk me framkalla bilete som me sendte som postkort. Her åt me ein lett lunsj, ei kjempegod ostesuppe og salatar, før me rusla litt i byen. Jekaterinburg har ei koseleg gågate med butikkar, kaféar, restaurantar og mange statuar. Det er ei livleg gate frå morgon til kveld.

  

  

  

  

  

  

Her såg me også ei statue av ein syklande mann. Visste deko at det var ein russar som fann opp sykkel? Det seiast at Jefim Artamonov skal vera oppfinnar av sykkelen. Han laga ein sykkel i metall, med to hjul og framhjulet var 2-3 gonger større enn bakhjulet. Sykkelen vart driven av pedalar som var festa til framhjulet. Han skal visst ha sykla frå Jekaterinburg til Moskva for å vera med på kroninga til Aleksander I. i 1801.

I den eine enden av gågata er Rådhuset der Boris Jeltsin hadde kontor då han var ordførar i byen. Over vegen for rådhuset er den store plassen Pl. 1905 goda med ei statue av Lenin. Her køyrar det både bilar og trikk og trafikkflyten er dårleg. Me køyrde ikkje i byen dersom me ikkje var nøydde til det.

  

  

  

  

  

Middag åt me på Sjokoladnitsa, ei cafékjede med moderne mat. Me koste oss med russisk salat, panini og pasta bolognese ute i sola. På returen til hotellet tok me ein annan veg og gjekk langs kanalen. Her var det mange ølflasker, masse knust glas og kloakken rant ut i elva. Me kom så forbi sirkuset og fann ut at me hadde gått veldig langt.

 På hotellet tinga me fleire netter. Dei var veldig hyggjelege og passa godt på sine gjester. Ein dag regna det så forferdeleg mykje at me vart klissvåte berre etter å ha gått over vegen. Me måtte tilbake på rommet for å skifta. Då me kom heim om kvelden, hadde dei plassert eit turkestativ inn på rommet vårt. Det var mange små ting dei gjorde som me sette pris på.