Skip to content

Columbia River og Stillehavet

Cascade Locks er ei lita bygd i hjertet av Columbia River Gorge, ein elvecanyon og den einaste passasjen gjøno Kaskadefjellene på havnivå. Frå campingjen fylgde me veg 30, Historic Columbia River Highway, med fleire utsiktspunkt og sjåverdigheiter. Denne 75-kilometer långe panoramavegen var bygd i perioden 1913-1922. Den fyrste sjåverdigheiten var Multnomah Falls, ein foss på 192 meter, den høgste i Oregon. Den er oppkalla etter ei indianarstamme og er den mest besøkte og fotograferte attraksjon i Oregon. Vårt neste stopp var Vista House, eit fint hus i jugendstil bygd i 1916 til minne om dei fyrste innvandrarar i Oregon. I dette området finn ein Mt. Hood, Oregons høgste fjelltopp (3 426 m.o.h.) og Bonneville Dam, ein stor demning på Columbia River bygd i 1938. Columbia River renn frå Rocky Mountains i Canada, bukter seg gjøno staten Washington og renn ut i Stillehavet ved byen Astoria i Oregon. Den har ei totallengd på 2 000 km lang der 800 km ligg i Canada, og den dannar ein del av grenso mydlo Washington og Oregon. Mydlo desse to delstatane finst 19 vatnkraftverk som forsyner cirka halvparten av regionen med straum.

  

  

  

  

Frå den historiske vegen køyrde me mot Portland og vidare mot kysten. Me stoppa langs vegen for å handla mat og frukt frå salsboder. I Lincoln City ville me fydla diesel, men sidan det ikkje gjekk an å bruke sjølvbetente automatar, måtte me spørja beteninga om hjelp. Ein ungdom hjelpte oss, men han hadde aldri sett Toyota med diesel. Me gjekk ein tur ned til stranda der det var masse vind og det var kaldt, men det skulle ikkje stoppa halvnakne bodn som bada, sprang på stranda og folk som sprang med dragar. Ein halv time derifrå fann me oss plass i den statlege campingjen Beverly Beach State Park. Det var i ein skog, folk laga bål og det vart fort kaldt.