Skip to content

Strond med snøkvit sand, krystallblått vatn og jelliker

I natt låg me i bukta Perdido Bay der elva Perdido dannar ei naturleg grense mydlo Alabama og Florida før den renn ut i Mexicogolfen. Etter avreise frå campingjen kom me inn i Florida med ein gong. Me køyrte på veg 98 mot byen Pensacola, som har ein stor flybase, og Gulf Breeze, som visst er  ein av dei beste plassane å bu i grunna låg kriminalitet. Me passerte begge byane og køyrte over endå ei bru til Pensacola Beach. Den ligg på ein lang sandbanke langs kysten. På vegen såg me masse hotell og restaurantar, og hus var bygd på høge stolpar slik at vatnet ikkje skulle ta dei. Framme på Pensacola Beach gjekk me ned til stronde for å sjå korleis det såg ut der. Det var ei vakker strond med snøkvit sand og krystallblått vatn. Me likte oss so godt at me vart der i fleire timar, bada og solte oss. Me plaska i det grunne vatnet og Geir vart brent av jelliken (for dei yngre som ikkje fylgde me på barne-tv på 90-talet, er jellik ei manet) 😊 Det var brennmaneter overalt og det som skal hjelpa når ein har vore brent av ei manet er visst å verta tissa på. Det gjorde me ikkje sjølv om Geir likar å skryta det på seg 😊 Etter ein dag på stronde og ei grundig vurdering bestemte me oss for å ikkje reisa lenger sør i Florida. Me hadde berre gode grunner: 😊

– me antok at det såg likt ut lenger sør som der me var no: sjø, sandstrond, høge hus på stolpar, store hotell, kasinoer og restaurantar

– dei mangjen tavla på stronde med varslar om hai og andre farlege dyr

– nesten 4 000 kilometer fram og tilbake til Key West, USAs sørlegaste punkt

– det var ikkje so varmt i Florida som i Texas og Louisiana

– sesong for orkan akkurat då me var der (juni-november)

  

  

  

  

  

  

Etter å ha bada og slappa av på stronde køyrte me cirka ein time austover, stoppa og laga oss ein god fiskemiddag og køyrte litt til. På Henderson Beach S.P. booka me den siste plassen. Den låg til gansje privat, avskilt frå dei andre med hekk, tre og palmar.

I morgon har me tenkt å reisa nordover til Alabama. Alabama og Georgia er dei einaste delstatar som grenser mot Florida, og begge ligg nord for Florida. I sør grenser Florida mot Mexicogolfen og i aust mot Atlanterhavet. Florida er tredje største delstat i USA med 21 millionar innbyggjarar. Navnet Florida kjem frå spansk og tyder bloma. Statens kallenavn er Sunshine State. Hovudstaden er Tallahassee, men det er nok Miami som er den mest kjende byen i Florida. Det er store sletter i Florida, litt kupert terreng og den høgaste fjelltoppen ligg berre 105 meter over havet. Florida er kjend for myrområder, dei meste kjende er nok i nasjonalparken Everglades.