Skip to content

Elefantselar, kitsjslott og Santa Barbara

I dag vakna me tidleg, laga niste og køyrte av garde kl. 07:30. Etter ca. 1 time stoppa me på strånde i Piedras Blancas der elefantselar låg og para seg. Elefantsel eller nordleg sjøelefant er nest største sel i verda. Ein vaksen hannsel er 4-5 meter lang og 1400-2300 kg tung. Hoselar er mykje mindre, dei er 2,5-4 meter långe og veg 400-800 kg. Dei trivst best i vatn, fordi på land må dei ta i bruk luffar og mage for å koma seg fram. Elefantselar vart nesten utrydda, men i 1990 vart det gjort tiltak for å få dei tilbake og sidan har ein koloni på 15 000 selar budd her.

  

  

  

  

Vårt neste stopp var Hearst Castle, eit slott bygd av mediemagnaten William Hearst som arva pengar og eigedommen frå foreldra sine. Han eigde 26 dagsaviser, fleire vekeblad og TV-kanalar. Då mor hans døydde i 1919, byrja han å byggja eit enormt stort palass på ei høgd med 144 rom og 36 soverom. Han vart eigentleg aldri ferdig fordi han kom på noko nytt heile tida, reiv ned det gamle og bygde nytt. Han miksa mange stilar, til dømes bassenget er frå antikken. Han inviterte mektige folk og kjendisar som Winston Churchill eller Charlie Chaplin og det einaste han forlangte frå dei var å eta middag med han. Filmen Citizen Kane frå Orson Welles var filma her. Hearst Castle er turistattraksjon nummer 2 i California med 1 million besøkjande årleg. På fyrsteplassen er Disneyworld – den fyrste i heile verda grunnlagt av Walt Disney i 1955. Me gjekk gjøno utstillinga, men ikkje opp til slottet, det heldt med kitsj i suvenirbutikken for vår del.

  

  

Derfrå kjøyrde me mot Santa Barbara. Neverland Ranch til Michael Jackson ligg i Santa Ynez Valley i nærleiken, men me skulle ikkje noko der. Ronald Reagan hadde sin ranch i nærleiken av Refugio State Beach. Me har ikkje tenkt å skriva om hus til kjende folk so mykje meir, fordi me nærmar oss Los Angeles og Hollywood og der er det mangjen av dei.

I Santa Barbara parkerte me på State Street som er hovudgata i byen og som startar i havna Stearns Wharf og strekkjer seg i 5 km gjøno heile bysenteret. Me spaserte langs gato heilt ned til havna Stearns Wharf der kaien frå 1872 med fleire trebygningar står. Området er fint laga til med velhalde strånd, palmar og grønt område. Grunna fine sandstrende og behageleg klima er byen ein populær turistdestinasjon. Klimaet liknar på det i Middelhavet og har vorte marknadsført som „Den amerikanske riviera“.

Dei spanske misjonærar og soldatar busette seg i Santa Barbara i 1782 og bygde militærposten „El Presidio“ som skulle forsvara område mot andre kolonimakter som England og Russland. Misjonærane skulle omvenda den infødde indianarbefolkninga til kristendom. Meir og meir folk kom til byen på midten av 1800-talet som fylgje av gullfeberen. Byen vart endå meir tilgjengeleg då jernbana frå San Francisco til Los Angeles var bygd i 1901. I dag bur det rundt 92 000 menneskje her. I 1925 vart Santa Barbara ramma av eit jordskjelv og store delar av byen vart bygd opp i spansk kolonistil som låge hus med kvit fasade og raude tak er typisk for.

No var det lunsjtid og me hadde lyst på noko lite og raskt. Det såg ut som dei fleste restaurantar hadde berre „fine dining“. Til slutt fann me ein engelsk pub der me bestilte clam chowder og fish & chips. Clam chowder er krema suppe med muslinger og grønsaker (som oftast berre med pota og løk). Suppa kjem frå Aust-USA, men i dag serverast den i heile landet. Tradisjonelt har den vore servert på fredagar då katolikkar ikkje et kjøt. Suppa finst i fleire variantar, som kvit krema suppe eller raud. Den kvite er mest populær og har sitt opphav i New England der dei fyrste innvandrarar frå Europa kom på 1700-talet. Den raude varianten med tomatar er populær på Rhode Island og Manhattan.

  

  

  

  

  

  

  

  

I rushtida kom me til Ventura, cirka 100 km frå Los Angeles. Her er hovudsete til Patagonia, produsent av sportsklede. GPS-en forvirra oss, den sendte oss på US-101, me måtte ta av og ta veg 23 over fjellet til kysten att og køyre nordover på Hwy 1 for å finna camping. Dei statlege parkane (campingplassar) såg ikkje ut til å bry seg om at folk trengte ein plass å bu 😊 Til slutt havna me nesten i Ventura att, me booka oss inn på McGrath State Beach and Campground og slo opp teltet midt på plassen. Det var ein sværa sandplass utan tre, det såg ut som i ørken. Det var ikkje so veldig koseleg, men me skulle berre sova der og det såg ikkje ut som nokre av campingplassar nærmare Los Angeles var ledige. I dag har me køyrt nesten 500 kilometer og køyretida var 7 timar. Me stoppa jo mange plassar så det tok oss ein heil dag.