Skip to content

Hovudstaden Khuzir og Sjamanklippa

  

På førmiddagen tok me ferjo over sundet Olkhonskie vorota. Me måtte venta litt, men alle bilar kom med. Det var så mykje dis at me nesten ikkje såg noko. Overfart tok ca. 30 minuttar og me måtte rygga ut av ferjo. Ingjen spurde etter pengar, men me måtte registrera oss i ein bod på kaien og betala økologisk avgift 25 rublar per person per dag. Me betalte for 3 dagar. På Olkhon har dei ingjen vegar, berre grusvegar som folk lagar sjølv når dei køyrar der (omtrent som i Mongolia). I hovudstaden Khuzjir er det heller ikkje eit vegsystem, det er ingjen asfalt på vegen, ingjen fortau, skilt og folk går og køyrar der dei har lyst.

  

  

  

  

Til Khuzjir var det ca. 30 km, me køyrde direkte dit. Landskapet var veldig forskjellig frå det me hadde sett for oss – turt og støvete overalt, lite gras, tre og ingen asfaltert veg som det sto på kartet, so me køyrde på våre eigne stiar. Framme i Khuzjir sjekka me inn på Nikita´s Homestad. Me kunne bu der og vaske kle (me hadde lyst til å vaska sengjekle). Dei hadde eit rom til oss i ei hytta med toalett og dusj. Toalettet var vanleg, men for å dusja måtte me varma vatnet fyrst og so trakka på ei pumpa. I prisen var inkludert også fullpensjon og me kunne gå og eta lunsj med ein gong. I buffeen var det to typar supper, kjøt, fisk, pizza og te i samovar. Nikita´s Homestead er eit stort område med mangjen hytter, heilt tilfeldig plassert på området. Utsmykkinga er ganske kitsj og det er masse folk der, både dei som jobba der og turistar. Me snakka med to gutar som jobba der og dei meinte me var sjeldne eksemplara på Olkhon og generelt i Russland, fordi det var mest tyskarar der.

  

  

  

  

  

  

  

  

Ein av sjåverdigheitane på øya er Sjamanka eller Sjamanklippa ved Kapp Burkhan. Den er betrakta som ein av ni heilagstader i Asia og var heimen til ånde og herren til Olkhon som ikkje skulle forstyrrast. Då folk med hestar gjekk forbi grotta der han budde, tok dei eit plagg rundt hestehovane slik at lydane ikkje forstyrra han. Khuzjir har berre vore ei busetnad sidan 1940-tallet då russarane bygde eit fiskeforedlingsanlegg i nærleiken, ein gong den største i Bajkal. Tidlegare var det heilt utenkjeleg å oppretta ei bygd rett ved sido av ein heilag stad. Det blæs ufatteleg mykje oppe på haugen, men då me gjekk ned, låg folk på stranda i badekle. På andre sida såg me ei 3 km lang krittkvit sandstrand (Sarajskij mys) som strekk seg heilt til bygda Kharantsy.

  

  

  

  

  

  

På overnattingsplassen vår ville me vaska sengjetøyet sjølv, men fann ut at me kunne levera dei so me gjorde heller det. Det kosta 100 rublar per kilo og det skulle vera ferdig i morgon. Me ville jobba litt på pc-en i kaféen der me kom i prat med ein russisk guide som guidar tyske turistar. Han var interessert i kor me kom frå, korleis me fekk visum og om me hadde norske mynter som kan kunne gje til sonen sin. Klokka 19 var det middag i den franske kaféen, og det var mykje godt å velje frå: kjøt, fisk, pota, ris, pasta, kaker. Etter middagen gjekk me ein tur i bygda, berre spaserte og såg på hus og livet i hovudstaden på øya. Me såg både bibliotek, apotek, internettcafé, suvenirjurt og tankbilar til både vatn og mjelk. Khuzjir har fengje straum fyrst i 2005 då ein sjøkabel vart strekt ut til Olkhon.