Skip to content

Arches nasjonalpark

  

Dagens plan var å sjå på steinbogar i Arches nasjonalpark i soloppgang. Me var tidleg oppe, men likevel måtte me venta i ein time til sole sto opp og det kom fint lys på bogane. Arch tyder boge på engelsk og her har naturen verkjeleg slept seg laus. På eit område på 309 km2 finn ein over 2 000 boger og andre unike geologiske formasjonar i sandstein. Delicate Arch står for seg sjøl og er ein av dei største attraksjonane i parken. Den betraktast ofte som symbolet til Utah og nokon meinar at den er verdas mest kjende naturlege steinboge. Ein kan anten sjå den frå nedre parkering eller gå opp ei trapp i den bratte fjellsido. 

Etter å ha sett Delicate Arch flytta me oss til seksjonen Windows som er ein sti der ein kan både gå og køyra med bil, stoppa og vitja dei ulike attraksjonar. På eit område på 5 km2 finn ein fleire spanande formasjonar, til dømes North Window, Turret Arch, Double Arch,  Garden of Eden, Elephant Butte eller Parade of Elephants. Elephant Butte (1 723 m.o.h) er parkens høgste punkt. Double arch, altså dobbeltboge, er det høgste og nest lengste boge i parkjen. Det er eigentleg to bogar som går ut frå eit felles punkt.

For 300 millionar år sidan rann havet inn i dette området, saltvatnet trekte inn og etter kvart fordampa. Og det er dette laget under jorda, ei saltseng, som er årsaka til at det vart laga boger, spir og andre formasjonar. Arches vart nasjonalt monument i 1929 og nasjonalpark i 1971. Besøkstal er ca. 1,6 million kvart år.

Tilbake i byen åt me på ein café der dei hadde gode salatar, smoothie og kaffi. Om kvelden gjorde me ikkje so mykje meir, me lada pc-en på vaskeriet, vaska litt kle, sorterte bilete på datamaskina, laga oss mat og snakka med naboen. Han reiste verda rundt på motorsykkel, byrja nord i USA og skulle til sør i Argentina, so til Afrika, Europa, Asia og Australia.