Skip to content

Me reiser frå den vakre Bajkalsjøen

Me vart so glade for å finna denne fantastiske plassen. Det var so vakkert her at me valde å vera her heile dagen. Me åt ein lang frukost og lata oss gjønom dagjen. Våre aktivitetar var organisert rundt bilen. Diverse praktiske ting måtte gjerast både på datamaskin og bilen. Me solte oss og slappa av. Ei stund hadde me òg naboar. Det kom ein eldre mann med to gutar og kyr, dei laga bål og spelte kort mens kydna åt gras.

  

  

  

  

Geir sat på stolen med penn og papir og talde tog som køyrde forbi på den transsibirske jernbana. Han kom fram til at det gjekk tog kvart 7. minutt i snitt, både gods- og persontog. Me la ikkje merkje til toga om natta sjølv om me låg rett ved sido av jernbana. Det er ikkje snakk om små tog. Det er ei uhorveleg mengde med vogner bak kvart lokomotiv. Når toga er på veg austfrå og dei kjem til sørenden av Bajkalsjøen (Kultuk), koblar dei til eit ekstra lokomotiv for å dra vognane over fjellkjeda til Irkutsk.

  

  

  

  

Det var nesten synd å reisa herifrå, men me måtte vidare. På vegen såg med eit mannleg kloster i Posolskoje som låg rett ved sido av ei sandstrand. Der var det masse flåger so me køyrde vidare. I Kabansk har dei eit sovjetisk monument med brennande flamme og fint opplina politi. Forbi Kabansk fann me oss ein fin campingplass. Det var fiskarar der som akkurat var på veg heim då me kom dit. Me campa midt på ei slette rett ved sido av ein sidearm til elva Selenga, ved Selengadeltaet. Elva Selenga renn gjønom Ulan-Ude og inn i Bajkalsjøen. Deltaet er ganskje stort og befinn seg på den søraustlege delen av Bajkalsjøen. Detta var vår siste kontakt med den fantastiske Bajkalsjøen.