Skip to content

I dag overlandar me

Dagens etappe var ein rein køyreetappe. Me køyrde mot Omsk som ligg i ei ny tidssone. Då me kryssa grenso inn i Omsk-fylkje, mista me 1 time og er no 5 timar framom Europa.

I natt regna det, men me vakna til strålande sol. Me lagde oss kaffi og koste oss med frukosten mens me lufta sengje. Det var framleis masse mygg og store flogar der så det var eit stort minus. På vegen ordna me praktiske ting som å fylle diesel og handle mat. På ettermiddagen fann me ein fin plass til camping der det framleis var masse sol og lite mygg. Der lagde me oss ein god middag, ordna litt med bilen, skreiv dagbok og elles slappa av.

Det var ikkje så mykje å ta bilete av, me køyrde gjennom ope landskap, såg berre trær og skog. På kveldingen fekk me sjå nokre fine skyar.