Skip to content

På vegane i New Mexico

I dag køyrde me i cirka 4,5 timar til Santa Fe. På vegen stoppa me ein gong for å eta og ein gong på Visitor´s Centre der pensjonistar ynskte turistar velkomen og baud på ein kopp kaffi. Me køyrde forbi tettstaden Cuba og over Continental Divide. Continental Divide eller det nordamerikanske vatnskilje er ei linje som går langs dei høgste fjellryggene i Rocky Mountains og skil nedslagsfelt som renn ut i Stillehavet frå dei som renn ut i Atlanterhavet. Med andre ord, elvar aust for linjo renn austover, mens elvar vest for den renn vestover. Det nordamerikanske vatnskilje byrjar ved Beringstredet og går gjønom heile Alaska, Canada, USA, Mexico og langs Stillehavskysten i Mellom- og Sør-Amerika. Den viktigaste elva i regionen er Colorado som forsyner folk i sju delstatar med vatn og straum.

  

  

  

  

Framme i Santa Fe sjekka me oss inn på camping, laga oss middag og tok ein tur til det historiske senteret. Me parkerte i nærleiken til Santa Fe Plaza, hovudplassen i Santa Fe. Der står Palace of the Governors, den eldste offentlege bygninga i USA i samanhengjande bruk, og setet til spanske, meksikanske og amerikanske guvernørar i fleire århundre. Langs den långe veggen til palasset står gateseljarar og sel varene sine som dei har utstilt på bakkjen. Plazaen er eit samlingspunkt i byen med ein park i midten og suvenirbutikkar, caféar, restaurantar og matbodar.

På hovudplassen oppdaga me at Det historiske museet var gratis på fredagar mydlo kl. 17 og 20, so me nytta sjansen. Det er ikkje kvar fredag me er i Santa Fe 😊 Museet var stort og det var kaldt inne. I tillegg til utstillinga om historia til New Mexico hadde dei også ei utstilling om kvinner som driver ranchar (cow-girls). Den siste delen av utstillinga tok for seg den nyare historia, depresjon på 1930-talet og utvikling av atombombe.

Visste deko at verdas fyrste atombombe vart utvikla berre 40 kilometer frå Santa Fe? Los Alamos var ein isolert stad og egna seg godt til eit forskingslaboratorium, utføring av testar og prøvesprenging. Den fyrste atombomba i verda vart utvikla i Los Alamos National Laboratory som ein del av Manhattanprosjektet. Leiaren for dette ultrahemmelege prosjektet var fysikaren Robert Oppenheimer og fleire kjende fysikarar frå Europa deltok. Resultatet av prosjektet var den fyrste kjernefysiske eksplosjonen den 16. juli 1945 i ørken i nærleiken av byen Alamogordo, også kjend som Trinityprøvesprengingen. Bombo var ei plutoniumbombe på 19 kilotonn av same type som tre veker seinare vart slept over Nagasaki. Alamogordo ligg cirka 400 km frå Los Alamos, på nordsido av Chihuahuaørkenen, Nord-Amerikas største ørken på 500 000 km2, som også ligg i Mexico og delvis i Arizona og Texas. Prosjektet var so hemmeleg at offentlegheita fekk vita om det fyrst etter bombinga av Hiroshima. Forskingssenteret er ein del av Universitetet i California i dag. Mange kjemikarar, fysikarar og ingeniørar har busett seg i Los Alamos som i dag er byen i USA med høgast andel av millionærar. I New Mexico finst framleis fleire anlegg for produksjon av våpen og delar til romfartsindustri og militær- og forskingsinstitusjonar.