Skip to content

Bru over gylden port

  

Spanjolane bygde fransiskanarmisjonar langs Stillehavskysten og lærte indianarfolkjet jordbruk og handverk. I California grunnla dei 21 misjonar og ein av dei var den i San Francisco. Etter at USA erobra California i 1847 vart namnet på byen endra til San Francisco. San Francisco oversetjast som Den heilage Frans og er oppkalla etter Frans av Assisi, grunnleggjaren til fransiskanarordenen. Den italienske byen Assisi, fødestaden til den heilage Frans, er søsterbyen til San Francisco.

San Francisco ligg i San Francisco-bukta og skiljast frå Stillehavet av Golden Gate-sundet. Sundet fekk namnet av oppdagaren sin som kalla det opp etter Det gylne horn som munnar ut i Bosporus. Golden Gate, eller Den gylne port, er inngangen til San Francisco. I 1937 bygde dei ei bru som dei kalla opp etter dette sundet. Brua er 2,7 km lang og bind saman San Francisco med Marin County. Den er ei av verdas lengste hengebruer med sitt 1280 meter lange hovudspenn og fram til 1964 var den verdas lengste hengebru. Til samanlikning har Hardangerbrua eit hovudspenn på 1310 meter og då den opna i 2013 var den verdas 10. lengste hengjebru. Golden Gate Bridge er kjend for sin raude farge og to høge tårn på 227 meter. Fram til 1993 var brua også verdas høgaste hengjebru. Den vart suksess alt etter opninga og i dag køyrar 110 000 bilar på den kvar dag.

San Francisco er fjerde største by i California med rundt 900 000 innbyggjarar og nest mest folketette by i USA etter New York. Med dei andre byane i San Francisco-bukta utgjer den eit stort område på 6 millionar menneskje.

  

  

  

  

  

  

I dag skulle me reisa til byen tidlegare, men det vart likevel ikkje so tidleg. Me vart ikkje heilt ferdige med San Francisco so me bestilte ein natt til på RV-parken. Den eksterne harddisken vår gjekk i stykkar so me måtte kjøpa oss ein ny. Alle bilete våre er jo lagra på den. Og so var det jo jobben med å overføra dei til den nye harddisken. Det vart ein ekstra kostnad i budsjettet vårt, men sånt må ein rekna med.

Ivana og Luba var alt kjende i byen so dei var guidar for Geir. Me gjekk av på det nyoppdaga busstoppet i Van Ness St. som ligg før sentrum. Der ville me visa Geir dei svingane der bilar køyrar. På Columbus Avenue var det mangjen kaféar, og til slutt valde me ein italiensk kafé der me fekk servert omelett, pizza og gnocchi og smakte øl frå San Francisco (Anchor Steam). I same gato fann me bokhandelen City Lights Books som vart starta i 1953 av poeten Lawrence Ferlinghetti og som vart ein samlingsstad for lesarar, forfattarar, kunstnarar og aktivistar. So gjekk turen til Maritime Plaza der me i går undersøkte flate flasker og kjøpte oss ei flat vinflaske med Happy Camper på som hengjer på kjøkenet vårt no. Ved ferjeterminalen slappa me av, såg utover vikji og på båtar som kom inn på land. Til slutt fann me også billettautomat til trikken og tok den frå Market St. forbi Ferjeterminalen til endestasjonen i Fisherman´s Wharf. Det var ein turistplass med alt mogleg rart so me vart der ikkje lengje.

I staden for fann me busstoppet til buss nr. 30 som tok oss til vårt busstopp frå i går og der byta me til buss nr. 28 heilt til brua. Når ein seier bru i San Francisco, er det nok tydeleg at ein meiner Golden Gate Bridge. Då me gjekk av bussen var heile brua dekka i skodda som innimydlo letta, men det var utruleg kaldt og det blas mykje. Me fekk tekje nokre bilete, men det var altså ikkje noko å skryta av. Vel, det me kan skryte av er at me ha vore der 😊 På det eine bilete tok me med oss eit skilt som seier Golden Gate Bridge slik at deko trudde på at den kvite bakgrunnen verkjeleg var brua 😊 Frå brua tok me buss nr. 70 til solsido av Golden Gate Bridge. Det var ikkje tull, det var veldig varmt då me gjekk av bussen, heilt annan temperatur. Tilbake på campingen snakka me med mannen som lånte oss ein stol. Han var frå Sør-California, opphavleg frå Arizona, og sa at det verkjeleg kunne vera varmt lenger inn i landet (115 °F = 46 °C). So me får sjao.