Skip to content

Ein dag i Stockholm

I dag var me i Stockholm, hovudstaden og største by i Sverige. Sverige har omtrent 10 millionar innbyggjarar, mens både Norge og Slovakia har rundt 5,4 mil. innbyggjarar. Stockholm har ein befolkning på nesten 1 million. Byen ligg på meir enn tjue øyer ved utløpet til innsjøen Mälaren inn i Østersjøen og kallast derfor også Nordens Venezia. Det er interessant at St. Petersburg også kallast det. Me oppdaga nok ein interessant ting: Stockholm og Nitra ligg på same lengdegrad (Stockholm på 18,03 og Nitra på 18,05) 😊

Me hadde tid i ca. 4 timar for å sjå byen. Me rusla i de små gatene i gamlebyen, kjent som Gamla stan, gjekk forbi Det kongelege slott med meir enn 600 rom, og var også innom domkyrkja (Storkyrkan) der den svenske kronprinsessa Victoria gifta seg i 2010.

Rett før me tok ferja åt me middag på ein restaurant i det som er Stockholms eldste industribygg frå 1645, The Crown Bakery. Kl. 18 var me på ferjekaia og sjekka inn. Båten Silja Line Galaxy skulle reisa kl. 19:30 og vera i Finland om morgonen dagen etter. Me hadde bestilt overnatting i lugar og håpa på god søvn. Hamnebyen i Finland har to namn: på svensk heite byen Åbo og på finsk Turku. Åbo er Finlands eldste by og ein av landets seks middelalderbyar. I 2011 var Åbo europeisk kulturhovudstad.