Skip to content

Bilen kjem heim

Då me fekk beskjed frå skipsagenten om at me kunne henta bilen, heiv me oss på toget til Drammen. Datoen er 2. desember og bilen har vore på tur over Atlanteren i nøyaktig ein månad. Framme i Drammen havn måtte me signere nokre papir, fekk nøklar og kunne berre finna bilen på det sikra havneområdet. Me kika inn i nokon av kassane om alt såg greitt ut og fann ut at det ikkje var det. Det var noko som mangla der. So opna me ei kasse til og der òg mangla det noko. So neste kasse og neste og neste og det var berre meir og meir som mangla. Me gjekk inn på kontoret og spurte kva det skulle bety, men dei kunne ikkje svara oss. So me ringde selskapet som ordna shipping av bilen og dei vart overraska over at me hadde ting i bilen. Hæ? Då me bestilte shippingen, hadde me jo tydeleg sagt at me hadde reist rundt jorda i vår eigen bil som var huset vårt det siste halve året. Då kan ein vel ikkje misforstå at me hadde bilen full av ting? Nei, da visste dei ikkje. Dei plar visst seia til folk at dei ikkje må ha noko i bilen, og då meiner dei ikkje noko i det heile. Ein gong forsvann ein cowboyhatt frå baksetet på ein amerikansk veteranbil som dei frakta til Norge. Men kvifor sa dei ikkje noko til oss då?

Opphavleg ville me shippa bilen frå New York, men då hadde me fått beskjed om at der var det lang ventetid. Det var kortare ventetid i Baltimore og endå kortare i Florida. So fekk me vita at lange ventetider i New York og andre plassar nord på austkysten i USA skuldast mafia som styrer havna. So då hadde me også fått svar på kvifor våre tinga forsvann frå bilen. Me er jo klar over at me sendte bilen som RoRo og at folk på kaien hadde våre bilnøklar, men me hadde ingjen aning om at dei stal ting i stor stil. Det som er mest tragisk er at dei tok heilt vanlege, og gjerne billige, ting som ikkje hadde verdi for andre enn oss. Dei hadde tatt til dømes crocs, t-skjorter, goretexjakker, lesebrille, kameralinse, verktøy og ein god del andre ting. Når dei stjel suvenirer som me kjøpte til famelie eller gåver som me fekk frå folk i Russland og USA, då er det lett å verta sur. Me tok kontakt med vårt forsikringsselskap og lagde detaljert oversikt over det som vart fråstjåle, det var ikkje vanskjeleg, fordi me hadde både liste og bilder over ting me hadde i bilen. Forsikringselskapet refunderte alt me hadde ført opp. Det er greitt nok, men det gir oss ikkje tilbake våre kjære ting. Det gjekk ei stund før me klarte å leva med det. Ein ting me har lært er at me aldri meir skal senda bilen som RoRo. Den skal inn i container som over Stillehavet (det var ikkje noko tull i havna i Vladivostok der den russiske agenten hadde eit skikkeleg firma). Og prisforskjellen er ikkje so stor heller.

Og det var punktum etter vår tur. No ventar turen over fjedlet heim til Bergen og nye utfordringar i form av ny jobb og ny stad å bu. Me får sjå kva framtida bringer 😊

  

  

  

Likte du å lesa om våre opplevingar? (Du må ha gjort det sidan du er kome so langt som detta) 😊

Synes du det er trist at turen (og bloggen) tek slutt?

Er det noko meir du lurar på som me ikkje har skreve om?

Har du reist på ein liknande tur og vil dela dine erfaringar med oss?

Har du planar om å reisa på ein liknande roadtrip og treng litt tips og råd?

Eller vil du berre halda kontakten?

Då er det berre å kontakta oss, me held gjerne kontakt med likesinna reiseentusiastar og elskarar av motoriserte heim.

Du finn kontaktskjema i hovudmeny på denne nettsio, eller du kan senda ein e-post til oss på happylandcruisers@gmail.com

Etter kvart skal me skriva om andre turar me har vore på, anten med bil eller utan. Me vil også skriva om våre heimland Slovakia og Norge, om interessante ting du ikkje kan lesa nokon annan stad 😊 So fylg me vidare på nettsio vår eller send oss ein mail om du vil verta varsla når me har lagt ut noko nytt. Minner om at du også kan finna oss på sosiale media, fjesbok og instagram, der me kjem til å publisera noko innimydlo 😊

TUSEN TAKK!