Skip to content

På takjet til New York City

I New York bur me hos Helena. Ho bur ikkje direkte i New York, men i nabodelstaten New Jersey. Den er rett over Hudson elva, vest for Manhattan. For å koma dit, tar me metro PATH Trains som berre tar nokre minuttar under elva. Det er raskare enn viss me skulle ha budd på Manhattan. Ein veg med togjet kosta 2 dollar.

Frå Hudsonelva er det berre 20 minuttar å gå over Manhattan til elva East River som er mellom Manhattan og Brooklyn der me var i går. Hudson River er 507 km lang, startar i Adirondack-fjella nordaust i staten New York og munner ut i Atlanterhavet mellom New Jersey og Manhattan. Elva skiljer New York frå New Jersey og er oppkalla etter Henry Hudson, ein engelskmann som utforska området rundt dagens New York i 1609.

Delstatane New York og nordaust New Jersey utgjer eit av verdas største samanhengjande byområde. New York havn, som spenner over begge delstatane, er USAs tredje travlaste havn. New York hadde 7 millionar innbyggjarar i 2011, og 10 år seinare bur det 8,8 millionar meneskje der.

  

  

  

  

Det var ikkje langt frå metrostasjonen til Times Square. Der sette me oss ned og observerte folk som gjekk forbi. Modellar i brudekjolar vart tekne bilete av, ein skotte spelte sekkjepipe og bilane suste forbi i full fart. Det var stappfullt med folk på heile plassen, nokon hadde det travelt, andre berre gjekk rundt og lurte. På heile Times Square er det forbode å røykja. Frå Times Square var det cirka fire blokkar til Grand Central Terminal, verdas største jernbanestasjon med 44 plattformer, 67 spor og to etasjar under jorda. Stasjonsbyggjet er i jugendstil og stod ferdig i 1913. I dag brukast den stort sett av dagpendlarar og ein finn masse butikkar, kaféar og restaurantar der. Me kjøpte oss mat på ein kinesisk restaurant og sette oss i fellesområdet for å eta den. Der var det ein del uteliggjarar som henta mat frå bosspann som folk ikkje hadde ete opp. Me var to av 21,6 millionar besøkjande som vil sjå på denne flotte stasjonsbygningen kvart år.

  

  

  

  

Derfrå gjekk me til St. Patrick´s Cathedral, USAs største romersk-katolske katedral og sete til erkebiskop i New York. Den er 100 meter høg og vart bygd i 1906. Den var verkjeleg veldig stor og fint utsmykka.

Like ved katedralen ligg Rockefeller Center. Det er eit stort kompleks av fleire bygningar som huser kontor og andre lokale, til dømes TV-kanal NBC, teater, og det arrangerast konserter og andre kulturelle aktivitetar. Den mest kjende av bygningane er 30 Rockefeller Plaza, ein smal og høg bygning (260 meter) med ei utsiktsplattform med utsikt over heile byen. Geir ville ikkje gå opp på utsiktsplattforma (Top of the Rock), so Ivana tok turen åleine. Det var mange heisar som frakta folk opp til 67. etasje på nokre sekundar, so gjekk det rulletrapp vidare til 69. og 70. etasje. Utsikten var fin, det var mykje lys over byen, ein kunne sjå Hudson River, Central Park og alle skyskraparar i byen. Framføre 30 Rockefeller Plaza er ein skøytebane med is der folk kan skøyta og det er alltid mykje folk der. Rundt skøytebana er det flagg frå alle verdas land, me fann både det slovakiske og norske flagget. Sidan me var i Rockefeller Center, hadde me ikkje behov for å gå også i Empire State Building. Den vart bygd i 1931 og etter den 11. september var den det høgste byggjet i New York med 103 etasjar.